Skjåk kommune søker 1 heimehjelp i 80 % fast stilling innan praktisk bistand, med oppstart 01.02.2027.
Fagarbeidarar i barnehagane i Skjåk
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon · Skjåk, Innlandet
AI-sammendrag
Om stillingen
Skjåk kommune søker fagarbeidarar til den heilt nye Skjåkspira barnehage, som opnar i oktober 2026 med fem avdelingar sentralt i Skjåk. Det er 2 stillingar på 100 %, både faste og som vikariat, og det er særleg behov for fagarbeidarar med spesialpedagogisk kompetanse. Oppgåvene omfattar omsorg og oppfølging av barn, blant anna barn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp, i tett samarbeid med pedagogisk leiar, samt planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar. Arbeidsstad er Skjåk.
Om arbeidsgiveren
Stillingane er lyst ut av Skjåk Kommune Sentraladministrasjon, ei underavdeling til kommunen innanfor generell offentleg administrasjon, med 19 tilsette registrert på denne eininga. Som kommunal arbeidsgivar driv verksemda oppvekst- og barnehagetenester i eit samla oppvekstmiljø saman med skule, bibliotek og idrettsanlegg.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 30.08.2026.
Annonsetekst
Vil du vere fagarbeidar i ein heilt ny barnehage i Skjåk?
Vi søkjer fagarbeidarar som vil vere med frå starten og skape ein inkluderande barnehage i godt samarbeid med barn, familiar og kollegaer -- og setje spor i både praksis og kultur.
Det var ein gong -- og snart på ordentleg -- ein ny barnehage i Skjåk
I oktober 2026 opnar Skjåk den heilt nye Skjåkspira barnehage med fem avdelingar i sentrum av bygda. Barnehagen og helsestasjonen vil vere lokaliserte i same bygg, og i eit samla oppvekstmiljø der mellom anna skule, bibliotek, idrettshall, symjehall, utandørs idrettsanlegg og kulturskule ligg tett i tett. Det er kort veg til naturen og ulike leikearenaer i friluft.
Skjåkspira barnehage veks fram mellom fjell og skog -- forma for små føter, store tankar og trygge fellesskap. Her blir natur, leik og gode relasjonar vovne saman i ein kvardag prega av tryggleik, undring og livsglede.
Er det du som skal bli ein viktig fagarbeidar i barna sine forteljingar -- midt i Skjåk, der barna står i sentrum, og framtida får vekse i trygge hender.
Skjåk kommune har behov for fagarbeidarar i stillingar på 100 % ved Skjåkspira barnehage, både i faste stillingar og vikariat. Det er særleg bruk for fagarbeidarar med spesialpedagogisk kompetanse.
Som fagarbeidar i Skjåk skal du mellom anna
- gje barna omsorg, tryggleik og støtte i kvardagen
- fylgje opp barn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp, i tett samarbeid med pedagogisk leiar
- bidra i planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogiske aktivitetar
- leggje til rette for leik, fysisk aktivitet og kreativ utfalding
- støtte barn si språkutvikling og sosiale kompetanse
- bidra til eit inkluderande fellesskap der alle barn opplever meistring og tilhøyrsle
- ha open og god dialog med føresette
Vi ser etter deg som
- har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar - anna relevant erfaring eller utdanning, også høgskuleutdanning kan vere aktuelt
- har utdanning eller erfaring innanfor arbeid med spesialpedagogikk
- har erfaring frå arbeid med barn med særskilde eller samansette behov
- er trygg i å sjå kvart enkelt barn, deltek aktivt i kvardagen, og som er fleksibel og tilpassingsdyktig
- er engasjert i barnehageyrket og har interesse for fagleg utvikling
- trivst ute og deltek aktivt i leik og aktivitet i all slags vêr
- arbeider målretta både sjølvstendig og i team, samt har gode evner til samarbeid og kommunikasjon innanfor faget
- har gode norskkunnskapar
- har grunnleggjande kjennskap til bruk av IKT
Det er krav om godkjent politiattest av nyare dato.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Skjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg menn til å søkje.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med:
- Styrar, Heidi Jevnheim, telefon 90 19 39 57 .
- Dagleg leiar, Karin Fjerdingren, telefon 98 06 47 14
Søknadsfrist: 30.08.2026
Elektronisk søknadsskjema finn du på www.skjaak.kommune.no Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Kvifor velje Skjåk?
Tilflyttarkonsulenten kan hjelpe deg med bustad, arbeid for eventuell partnar og informasjon om tilbod for barn og fritid. Du kan òg få moglegheit til å prøvebu i bygda.
Kontakt:
- Heidrun Israelsen -- prosjektleiar <<Sats på Skjåk>>.
- Telefon 994 27 902
Sletting av studielån
Buset du deg i Skjåk og er i arbeid, kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Les meir om det på vedalgt lenke om sletting av gjeld i utvalgte kommunar.
Flere stillinger hos Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
API og MCPGET /company/974595532/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/974595532/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 1,
"hits": [
{
"uuid": "f9afe754-5384-4ff8-a389-fd09112eddce",
"title": "80 % fast stilling innan praktisk bistand/heimehjelp",
"municipal": "SKJÅK",
"application_due": "2026-11-11 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "974595532" })Spør AI-assistenten
Hva er søknadsfristen for «Fagarbeidarar i barnehagane i Skjåk» hos Skjåk Kommune Sentraladministrasjon?
Ansetter Skjåk Kommune Sentraladministrasjon flere i Skjåk nå?
Hvilke andre stillinger lyser Skjåk Kommune Sentraladministrasjon ut nå?
Lignende stillinger
Kråka FUS Kulturbarnehage i Moss søker 1 assistent på heltid, fast ansettelse, med oppstart januar 2027.
Omsorgsgruppen AS i Akershus søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem, engasjement på heltid.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.