Hopp til innhold
Nyttsokfirma i Claude og ChatGPTLes mer →

Vi søkjer sjukepleiar

Gynekologisk Eining Haugesund Sjukehus · Haugesund, Rogaland

FastHeltidOffentligHelse og sosialFrist 18.11.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Gynekologisk eining ved Haugesund Sjukehus søker 1 sjukepleiar i fast, heltidsstilling (100 %). Arbeidsstedet er Haugesund kommune, og oppstart skjer etter avtale.

Eininga består av ein sengepost med fem gynekologiske senger og ein gynekologisk poliklinikk. Stillinga inneber hovudsakleg tredelt turnus på sengeposten, med høve til å arbeide dagvakter på poliklinikken. Sengeposten er open måndag til fredag, og i helgene blir pasientane ivaretekne på kirurgisk avdeling, slik at du òg får erfaring derfra.

Oppgåvene er å ta imot, observere og følgje opp pasientar gjennom behandlingsforløpet, gi pre- og postoperativ sjukepleie, og delta i tverrfagleg samarbeid. Pasientgruppa er kvinner i alle aldrar, blant anna med gynekologisk kreft, alvorleg svangerskapskvalme og abortbehandling.

Krav er norsk autorisasjon som sjukepleiar og gode norskkunnskapar. Erfaring frå sjukehus er ønskt, og erfaring med gynekologiske pasientar er ein fordel, men ikkje eit krav.

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgivar er Helse Fonna HF, eit helseforetak i spesialisthelsetenesta, og stillinga ligg ved Haugesund Sjukehus. Arbeidsplassen er ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-bedrift). Annonsen oppgir ikkje tal på tilsette eller økonomiske nøkkeltal.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 18. november 2026. Søkarar oppmodast til å bruke Vitnemålsportalen for verifiserte vitnemål og karakterutskrifter. Utdanning frå utlandet må leggjast ved med godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Annonsetekst

💜 Vil du bli ein del av vårt gode fagmiljø? Hos oss jobbar det allereie mange dyktige, rause og engasjerte kollegaer, og no ønskjer vi deg med på laget!

Gynekologisk eining består av ein sengepost med fem gynekologiske senger og ein gynekologisk poliklinikk. Som sjukepleiar hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag med eit breitt spekter av pasientgrupper og oppgåver. Kvardagen kan til tider vere travel, men du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, fagleg utvikling og omsorg for pasientane står i sentrum. Pasientgruppa vår omfattar kvinner i alle aldrar. På sengeposten gir vi pre- og postoperativ behandling i samband med gynekologiske operasjonar, pleie og behandling til pasientar med gynekologisk kreft, behandling av alvorleg svangerskapskvalme og abortbehandling – for å nemne noko. På poliklinikken følgjer vi opp gravide gjennom svangerskapet, behandlar kvinner med ulike gynekologiske problemstillingar og utfører mindre gynekologiske inngrep i lokalbedøving. Stillinga inneber hovudsakleg tredelt turnus på sengeposten, med høve til å arbeida dagvakter på poliklinikken. Gynekologisk eining samarbeider tett med kirurgisk avdeling. Sengeposten er open frå måndag til fredag, og i helgene blir dei gynekologiske pasientane ivaretekne på kirurgisk avdeling. Som sjukepleiar hos oss vil du derfor også få verdifull erfaring frå arbeid på kirurgisk avdeling. ✨ Høyrest dette ut som noko for deg? Då vil vi gjerne høyra frå deg! Oppstart etter avtale.

Kva går jobben ut på?

  • Ta imot, observera og følgja opp pasientar gjennom behandlingsforløpet.
  • Utføra heilskapleg og fagleg trygg sjukepleie til kvinner i ulike livsfasar.
  • Gi pre- og postoperativ sjukepleie og oppfølging til pasientar gjennom behandlingsforløpet.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikra best mogleg behandling og oppfølging av pasientane.
  • Samarbeida tett med kollegaer ved gynekologisk eining og kirurgisk avdeling.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Relevant erfaring frå sjukehus er ønskjeleg.
  • Erfaring med gynekologiske pasientar er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • møter kvar pasient med respekt, omsorg og forståing
  • er sjølvstendig og open for endring
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • trivst i ein variert og til tider travel arbeidskvardag

🤝 Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og eit godt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

  • Triveleg og inkluderande arbeidsmiljø 🤝
  • Høgt fagleg nivå og spennande arbeidsoppgåver 📚
  • Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling 🌱
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-bedrift) 💜

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Thora-Marit Stokka Karlsen, Funksjonsleiar, +47 41863939

Arbeidsstad

Karmsundgata 120 5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5204779426 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 18.11.2026

Søk på jobben
Søk senest 18.11.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Gynekologisk Eining Haugesund Sjukehus

API og MCPGET /company/974724774/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/974724774/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 22,
  "hits": [
    {
      "uuid": "2d497836-83b9-405e-8c80-b5d9e8614c8a",
      "title": "Sjukepleier/vernepleier med videreutdanning innan psykiatri",
      "municipal": "HAUGESUND",
      "application_due": "2026-11-19 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "cf337755-cb15-4ffe-a120-3f7591fd823a",
      "title": "Vil du vere med og servere matglede?",
      "municipal": "HAUGESUND",
      "application_due": "2026-11-17 00:00:00+00",
      …
    },
    …
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "974724774" })

Spør AI-assistenten

  • Hvilke andre stillinger lyser Helse Fonna HF Haugesund Sjukehus ut nå?
  • Hva er søknadsfristen for «Vi søkjer sjukepleiar » hos Helse Fonna HF Haugesund Sjukehus?
  • Ansetter Helse Fonna HF Haugesund Sjukehus flere i Haugesund nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Miljøarbeidere - Nes videregående skole
Akershus fylkeskommune, Nes videregående skole · AKERSHUS

Nes videregående skole i Akershus søker 2 miljøarbeidere: én fast 100 % og ett vikariat på 50 %.

FastHeltid2 stillingerHelse og sosial
Sykepleier til bolig i Trøndelag
Konstali Helsenor AS · TRØNDELAG

Konstali Helsenor, vikarbyrå i Oslo, søker 2 sykepleiere til heltidsvikariat ved bolig i Trøndelag fra 16. november 2026.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Sykepleier til bolig i Møre og Romsdal
Konstali Helsenor As · MØRE OG ROMSDAL

Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat på heltid ved bokollektiv for personer med demens i Møre og Romsdal.

VikariatHeltidHelse og sosial
Frist 6.11.2026
Gynekologisk Eining Haugesund Sjukehus
Frist 18.11.2026
Søk på stillingen →