AFRY Norway Advisory i Oslo/Akershus søker prosjektleder eller løsningsarkitekt til digitalt byggeri, fast heltidsstilling.
Rådgivar innan monitorering, evaluering, analyse og læring (MEL)
Norec · Sunnfjord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Norec søker ein rådgivar innan monitorering, evaluering, analyse og læring (MEL) til eit vikariat med oppstart snarast og varigheit fram til 30.09.2027. Stillinga kan avtalast i eit omfang mellom 60 og 100 prosent, og er plassert i seksjon for kunnskap og læring. Arbeidsstad er Sunnfjord. Hovudoppgåvene er å bidra til at kunnskap frå prosjekt, rapportering og evalueringar blir brukt til læring og betre resultat, mellom anna gjennom kvalitetssikring av søknader, rapportar og resultatrammeverk, porteføljeanalysar og vidareutvikling av digitale løysingar for resultatdata, inkludert bruk av kunstig intelligens. Stillinga blir lønt som rådgivar eller seniorrådgivar etter statens lønnsregulativ, avhengig av utdanning og erfaring.
Om arbeidsgjevaren
Norec (Norsk senter for utvekslingssamarbeid) er ei underining til næringsdrivande og offentleg forvaltning, og arbeider innan utanrikssaker – nærare bestemt norsk bistand og utvekslingssamarbeid. Verksemda har 62 tilsette og held til i Sunnfjord.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 6. september 2026.
Om stillingen
Vil du bruke analyse og evaluering til å skape betre kunnskap om resultata av norsk bistand?
Vi har ledig eit vikariat med oppstart så snart som mogleg og fram til 30.09 2027. Vi ser etter deg som har erfaring med analyse- og resultatarbeid, og som vil bidra til at kunnskap frå prosjekt, rapportering og evalueringar blir brukt til læring, utvikling og betre resultat.
Stillinga er plassert i seksjon for kunnskap og læring. Seksjonen har ansvar for læring, evaluering, analyse, nettverksarbeid og opplæring av deltakarar og samarbeidspartnarar i Norec sitt utvekslingsprogram.
I denne rolla får du vere med på å vidareutvikle Norecs arbeid med resultatstyring, evaluering og læring. Du får også bidra til digitalisering og utforske korleis kunstig intelligens kan nyttast på ein trygg og relevant måte.
Stillinga kan vere mellom 60 og 100 prosent, etter avtale.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Du vil mellom anna:
- bidra til å formidle resultat og analysar slik at dei kan brukast til læring og utvikling
- vidareutvikle og kvalitetssikre rutinar for evaluering og monitorering
- støtte oppfølging av prosjekt og bidra til kvalitetssikring av søknader, rapportar, indikatorar og resultatrammeverk
- gjennomføre porteføljeanalysar og bruke funna i resultatrapportering og strategiske vurderingar
- bidra til å utvikle betre digitale løysingar for innsamling, analyse og bruk av resultatdata, mellom anna ved hjelp av KI
Vil du vite meir om korleis det er å jobbe i Norec?
Er du nysgjerrig på arbeidsmiljøet, kulturen eller korleis det er å ha Norec som arbeidsplass?
Ta gjerne kontakt med nettverksrådgivar Tonje Polden Steinsland på e-post.
Har du spørsmål om sjølve stillinga kan du ta kontakt med seksjonsleiaren. Du finn kontaktinformasjon nedst i annonsen.
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning (minimum bachelor). Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- minst fire års erfaring frå analyse, resultatstyring, evaluering eller læringsarbeid
- erfaring frå norsk bistandsforvaltning eller arbeid med berekraftig utvikling, til dømes knytt til FNs berekraftsmål
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Om deg
Vi ser for oss at du
- arbeider analytisk
- klarar å setje deg inn i mykje informasjon, sjå samanhengar og trekkje ut det viktigaste
- klarar å omsetje analysar og resultat til kunnskap andre kan bruke
- trivst med å samarbeide på tvers av fagområde
- tek intitativ og driv fagarbeidet framover
Norec er ein verdibasert arbeidsplass. Vi legg vekt på personlege eigenskapar og at du møter andre med respekt.
Vi tilbyr
- moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
- fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
- trening i arbeidstida
- gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.
Stillinga blir lønt som rådgivar eller seniorrådgivar innanfor statens lønnsregulativ:
- Rådgivar (kode 1434): - 483 300 - 750 000 kroner
- Seniorrådgivar (1364): - 558 000 - 840 000 kroner Lønnsplassering vil avhenge av utdanning og erfaring.
Les dette før du søker:
- I Norec trur vi mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
- Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla dersom du er kvalifisert for stillinga. For å bli vurdert for positiv særbehandling må du krysse av for dette når du søker.Vi inviterer minst éin kvalifisert søkjar får kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om positiv særbehandling her.
- Opplysningane blir berre brukte i samband med positiv særbehandling og til anonymisert statistikk.
- Når søknadsfristen er ute, lagar vi ei offentleg søkjarliste. Dersom du ikkje ønsker å stå på søkjarlista, må du krysse av for dette og grunngi ønsket i søknaden. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan imøtekome ønsket.
Lignende stillinger
Signatur Revisjon AS i Agder søker en erfaren revisor til fast deltidsstilling med fleksibelt omfang.
Visitt AS i Arendal søker 3 provisjonsbaserte selgere/rådgivere til næringseiendom, fast heltidsstilling.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeserviceagenter til Hellas, fast heltidsstilling.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundekonsulenter på heltid, fast stilling i Torrevieja, Spania.
Jobs By Nordics søker 5 norsktalende kundeservicekonsulenter til fast heltidsjobb i Fuengirola.