Renovatør
Simas IKS · Sogndal, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
SIMAS søkjer ein fast sjåfør/renovatør i heil stilling med base i Sogndal. Stillinga inneber dagleg innsamling og transport av hushaldningsavfall langs renovasjonsruter i kommunane Årdal, Aurland, Lærdal, Vik, Sogndal, Luster og Høyanger. Andre oppgåver er dagleg vedlikehald av køyretøy og utstyr, noko kundekontakt og rapportering til driftskoordinator. Førarkort klasse C og gyldig yrkessjåførbevis (YSK) er ynskjeleg, men personlege eigenskapar kan vege opp for manglande formell kompetanse. Løn følgjer eigen lønstabell med pensjonsordning i KLP.
Om arbeidsgivaren
SIMAS IKS er eit interkommunalt selskap innan materialgjenvinning og renovasjon, med 66 tilsette og forretningsadresse i Sogndal. Som eit interkommunalt selskap (IKS) er verksemda eigd av fleire kommunar i Sogn-regionen og utgjer ein sentral miljøaktør i området.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 31. august 2026.
Om stillingen
Om stillinga
SIMAS søkjer sjåfør/renovatør til renovasjonsbil.
Arbeidet vil omfatte dagleg innsamling og transport av hushaldningssavfall tilhøyrande SIMAS sine eigarkommunar.
Arbeidsstad: dekkjer renovasjonsruter i kommunane Årdal, Aurland,Lærdal, Vik, Sogndal, Luster og Høyanger.
Arbeidsoppgåver
- Sjåfør på renovasjonsbil
- Utføre dagleg vedlikehald og ettersyn av bilar og utstyr
- Arbeidet omfattar noko kundekontakt og kommunikasjon med kundesenter
- Rapporterer direkte til driftskoordinator og avdelingsleiar
Ynskjeleg utdanning/praksis
- Førarkort klasse C
- Relevant sjåførerfaring
- Gyldig yrkessjåførbevis (YSK)
- Grunnleggjande IT-kunnskap
Personlege eigenskapar vil kunne vege opp for manglande formell kompetanse.
For stillinga søkjer me etter personar som
- Ser moglegheiter og tek initiativ til forbetringar
- Er strukturert, systematisk og har ein planmessig tilnærming til arbeidet
- Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
- Villeg til å setje seg inn i og lære nye ting
- God kommunikasjonsevne, skriftleg og munnleg
- Kan ta eit ekstra tak når det trengs
Me kan tilby
- Varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i Sogn
- Naudsynt opplæring, kurs og rettleiing
- Fleksibilitet i arbeidstid
- Løn i.h.t. eigen lønstabell med pensjonsordning i KLP
Lignende stillinger
Shimary Holding As i Akershus søker 5 fiberselgere til dør-til-dør-salg, fast heltidsstilling.
Marit Rise Renhold & Diverse i Telemark søker 2 renholdsvikarer på deltid til hjem og utleieboliger.
Salgspartner AS søker 3 selgere til oppsøkende Telia-salg, fast heltidsstilling i flere byer.