Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Bygge- og delesaksbehandlar - vikariat 100 %

Vestnes Kommune Tekniske Tenester Drift Og Anlegg · Vestnes, Møre Og Romsdal

VikariatHeltidOffentligBygg og anlegg
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Vestnes Kommune Tekniske Tenester Drift Og Anlegg.

AI-sammendrag

Om stillingen

Tekniske tenester i Vestnes kommune lyser ut eit 100 % vikariat som bygge- og delesaksbehandlar. Vikariatet startar medio august 2026 og varar i eitt år. Arbeidsstad er Vestnes i Møre og Romsdal.

Hovedoppgåvene er å behandle bygge- og delesaker, rettleie søkarar og tiltakshavarar, førebu saker til politisk behandling i Planutvalet og samarbeide med arealplanleggar. Stillingen inngår i eit tverrfagleg miljø med ansvar for alt frå arealplanlegging og byggesak til veg, avløp, oppmåling og brann.

Om arbeidsgivaren

Vestnes kommune Tekniske tenester er ei offentleg eining med brei kompetanse innan samfunnsinfrastruktur og forvaltning. Undereininga er knytt til bransjen bygging av vegar og motorvegar og har 8 tilsette. Som kommunal aktør er stillingen ein del av eit viktig samfunnsoppdrag med stabil ramme og offentlege tilsetjingsvilkår, inkludert 2 % pensjonsinnskot og høve til heimekontor etter avtale.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 21. juni 2026.

Annonsetekst

Tekniske tenester har ledig 100 % vikariat som bygge- og delesaksbehandlar

Vikariatet har oppstart medio august og ei varigheit på eitt år. I Vestnes kommune vil du arbeide med spennande og varierte saker – frå mindre tiltak til større utbyggingsprosjekt. Gjennom saksbehandlinga di bidreg du til å sikre god kvalitet i både bygningar og omgjevnader.

Arbeidsstad Tekniske tenester har ansvar for arealplanlegging, plan- og byggesaksbehandling, landbruks- /miljø- /vilt- og skogsaker, drift, forvaltning og nyanlegg av kommunale vegar. I tillegg har dei ansvar for grøntområde, avløpsanlegg/avløpsreinsing, utbygging av bustadfelt og næringsområde, oppmåling, GIS, adressering, brann, feiing og tilsyn.

Arbeidsoppgåver • Behandle bygge- og delsaker • Rettleiing og dialog med søkarar/tiltakshavarar • Saksførebuing for politisk behandling, og delta på møter i Planutvalet • Gjensidig samarbeid med arealplanleggar, slik at de kan avløyse kvarandre • Delta i ulike fagforum og samarbeid på tvers av einingar i kommunen

Kvalifikasjonar • Utdanning frå høgskule/universitet innanfor relevant fagområde, minimum bachelor • Relevant arbeidserfaring innan fagområdet er ønskeleg • Vere strukturert og nøyaktig og kunne jobbe sjølvstendig og ha god kapasitet • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk • Kunne ha god dialog med innbyggjarar og andre • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på

Vi tilbyr • Stilling med eit viktig samfunnsoppdrag og potensiale for fagleg utvikling • Møte mange og ulike problemstillingar frå privatpersonar og næringsaktørar, både gjennom rådgjeving og søknadsbehandling • Ei sentral rolle i å sikre at bygge- og delesaker blir behandla effektivt og korrekt • Eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø prega av engasjement og høg kompetanse • Fleksibel arbeidstidsordning med bruk av heimekontor etter nærmare avtale • God anledning til kompetanseheving/etterutdanning • Lønn etter avtale

Tilsettingsvilkår Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar Oppgi referansar

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

Link til søknadsskjema: Søk her

Lignende stillinger

Anleggsmaskinfører – Aarstad Anlegg
Aarstad Anlegg · TRØNDELAG

Aarstad Anlegg i Inderøy søker 1 erfaren anleggsmaskinfører på heltid, fast ansettelse, i Trøndelag.

FastHeltidBygg og anlegg
Frist 3.12.2026
Field engineer Mechanical (BH-554542)
NES Fircroft Norge As · VESTLAND

NES Fircroft Norge i Sandnes søker 1 mekanisk feltingeniør til engasjement på heltid i Vestland.

EngasjementHeltidBygg og anlegg
Logistics Support Officer
CERN

CERN i Sveits søker én Logistics Support Officer på heltid i fast stilling, med frist 22. november 2026.

FastHeltidBygg og anlegg
Frist 22.11.2026