Hopp til innhold
Nytt: sokfirma i Claude og ChatGPT – salgslister, soliditet, konsern og mer.Les mer →

Foreldrepermisjonsvikariat ved Valdres montessoriskule

Valdres Montessoriskule SA · Nord-Aurdal, Innlandet

VikariatHeltidPrivatUtdanning

AI-sammendrag

Om stillingen

Valdres montessoriskule søker vikar i foreldrepermisjonsvikariat i perioden 1. desember 2026 til 1. desember 2027, med moglegheit for 50-100 % stilling. Arbeidsstaden er i Ulnes, Nord-Aurdal kommune. Arbeidsoppgåvene omfattar undervisning og oppfølging av elevar, å bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø, samarbeid med kollegaer og føresette, samt deltaking i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid. Ønska kvalifikasjonar er lærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning, gjerne med undervisningskompetanse i norsk og/eller erfaring med montessoripedagogikk. Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

Om arbeidsgiveren

Valdres Montessoriskule Sa er ein underenhet innan ordinær grunnskoleundervisning, med 15 tilsette. Skulen driv etter montessoripedagogikken og tek imot elevar frå heile Valdres-regionen.

Søknad og frist

Søknadsfrist er snarast.

Om stillingen

Foreldrepermisjonsvikariat ved Valdres montessoriskule

1. desember 2026 til 1. desember 2027

Valdres montessoriskule ligg i Ulnes og har elevar frå heile Valdres. Skulen legg vekt på å gi elevane eit godt og variert opplæringstilbod. Gjennom montessoripedagogikken legg vi til rette for læring for alle elevar, stimulerer lærelysta hos kvar enkelt og byggjer motivasjon og tru på eigne evner.

Vi er opptekne av å førebyggje utanforskap og skape eit inkluderande og trygt skulemiljø som fremjar læring, trivsel og god helse.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning og oppfølging av elevar
  • Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
  • Samarbeid med kollegaer og føresette
  • Delta aktivt i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arbeid med barn og ungdom
  • Lærarutdanning eller annan relevant pedagogisk utdanning
  • Undervisningskompetanse i norsk (60 studiepoeng) er ynskeleg
  • Kompetanse i eller erfaring med montessoripedagogikk er ein fordel
  • Anna relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert dersom det ikkje melder seg kandidatar med ønskt kompetanse
  • Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • Har god arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Tek ansvar og viser initiativ
  • Er glad i å arbeide med barn og ungdom, og ser den enkelte elev
  • Utøver trygg og tydeleg klasseleiing
  • Byggjer gode relasjonar til elevar, kollegaer og føresette
  • Har gode samarbeidsevner og er fleksibel

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Vi tilbyr

  • Vikariat i 50-100 % stilling i perioden 1. desember 2026 til 1. desember 2027
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Eit positivt og støttande arbeidsmiljø
  • Engasjerte, interesserte og motiverte elevar
  • Løn etter utdanning og ansiennitet i samsvar med gjeldande avtaleverk

Oppstart

1. desember 2026

Tilkallingsvikarar

Vi er òg alltid på jakt etter gode tilkallingsvikarar. Ta gjerne kontakt dersom dette kan vere aktuelt for deg.

Søknad

Søknad med CV sendast til: silje.austdahl@valdresmontessori.no

Spørsmål om stillinga

Kontakt dagleg leiar Silje Austdahl

  • Telefon: 941 62 223
  • E-post: silje.austdahl@valdresmontessori.no

Søknadsfrist

Snarast

Søk på jobben
Hos Valdres Montessoriskule SA

Lignende stillinger

Barnehagelærer
Gimle oppveksttun - barnehage, Bergen kommune · BERGEN, VESTLAND
FastHeltidUtdanning
Frist 1.11.2026