Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Helse, meistring og rehabilitering

Øygarden Kommune Helse, Meistring Og Rehabilitering · Øygarden, Vestland

VikariatDeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Øygarden Kommune Helse, Meistring Og Rehabilitering.

AI-sammendrag

Om stillingen

Øygarden kommune søkjer fysioterapeut til eit vikariat i deltidsstilling ved eininga Helse, meistring og rehabilitering, med arbeidsstad i Skogskiftet, Øygarden. Stillinga er ledig frå 06.10.2026 til 27.07.2027. Hovudoppgåvene er fysioterapi til barn og unge, med oppfølging i heim, barnehage og skule, individuelt og i gruppe, samt hjelpemiddelformidling og rolle som barnekoordinator. Det kan også bli noko arbeid retta mot vaksne og eldre. Søkjar må ha bachelor i fysioterapi og gode norskkunnskapar, og det er ønskjeleg med erfaring frå kommunehelsetenesta og arbeid med barn. Førarkort og eigen bil er naudsynt, med bil- og køyregodtgjersle.

Om arbeidsgjevaren

Eininga er ein del av Øygarden kommune og høyrer til bransjen fysioterapi- og ergoterapitenester, organisert som underenhet til næringsdrivende og offentleg forvaltning. Om lag 48 tilsette arbeider her, dei fleste ergoterapeutar eller fysioterapeutar, og tenesta omfattar òg friskliv og meistring, hjelpemiddellager og terapibasseng. Som kommunal verksemd tilbyr arbeidsgjevaren gode pensjons- og forsikringsordningar.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 08.09.2026.

Annonsetekst

Om avdelinga:

Helse, meistring og rehabilitering er ergo- fysioterapitenesta, friskliv og meistring, hjelpemiddellager og terapibasseng. Her arbeider omtrent 45 personar med ulik fagbakgrunn, dei fleste er ergoterapeutar eller fysioterapeutar

Alle tilsette jobbar tett med andre faggrupper og avdelingar i kommunen.

Tenesta arbeider med barn, vaksne og eldre med sjukdom og/eller funksjonsnedsetjing, blant anna i heim, barnehage, skule, sjukeheim og i tenesta sine eigne lokal. Tenesta er ofte ein del av eit samansett tenestetilbod, men kan også utøvast som enkelttiltak individuelt eller i gruppe

Vi søkjer engasjert fysioterapeut som har interesse for å arbeide med barn og unge i heim, barnehage og skule. Stillinga er ledig frå 06.10.2026- 27.07.2027.

Kontorplassering er i Skogskiftet.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga arbeider hovudsakleg med barn/unge – oppfølging i barnehage, skule og i eigen heim. Det kan også verta noko oppgåver i forhold til vaksne/eldre.

Arbeidsoppgåvene vil vera:

  • Fysioterapi til barn/unge
  • Oppfølging individuelt og i gruppe
  • Hjelpemiddelformidling
  • Barnekoordinator og oppfølging med individuell plan

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Bachelor i fysioterapi
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå jobb i kommunehelsetenesta, då spesielt med barn
  • Erfaring får gruppetrening med barn
  • Erfaring frå å jobba som fysioterapeut med barn/unge

Personlege eigenskapar:

Vi ønskjer person som er fleksibel og initiativrik både når det gjeld arbeidsoppgåver og arbeidsstad, og jobbar godt med både barn og vaksne.

  • Evne til å omstille seg raskt, vera fleksibel og ha godt humør
  • Du er rask til å setje deg inn i og forstå tenesta sitt arbeid
  • Du er ansvarleg, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
  • Du arbeider effektivt, strukturert og er løysingsorientert

Anna:

Ein må ha førarkort og kunna nytta eigen bil. For dette vil ein få bil- og køyregodtgjersle.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån

Kontakt:

Avd.leiar Silje Merkesvik tlf 915 50 025 silje.merkesvik@oygarden.kommune.no

Einingsleiar Liv Møen tlf 55096855/975 40 530 liv.moen@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her

Lignende stillinger

Sykepleier til hjemmetjeneste i Vestland
Konstali Helsenor AS · VESTLAND

Konstali Helsenor søker 1 sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, heltid, fra 30. november 2026 til 15. januar 2027.

VikariatHeltidHelse og sosial
Sykepleier søkes til oppdrag på Vestlandet
Emploi Helse AS · VESTLAND

Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.

VikariatHeltidHelse og sosial