Hopp til innhold
Nyttsokfirma i Claude og ChatGPTLes mer →

Einingsleiar Miljø- og velferdstenester - 100% fast stilling

Stryn Kommune · Stryn, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Stryn Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Stryn kommune søkjer ein einingsleiar for Miljø- og velferdstenester i 100% fast stilling. Rolla inneber overordna personal- og budsjettansvar for ei eining som omfattar tenester for rus og psykisk helse, menneske med funksjonsnedsetting, avlastningsbustad for barn, arbeidssenter og koordinerande eining. Einingsleiar inngår i kommunalsjef for Helse og sosial si leiargruppe og har hovudansvar for drift, internkontroll, beredskapsarbeid og fagleg utvikling. Arbeidsstad er Stryn sentrum.

Om arbeidsgivaren

Stryn kommune er ein offentleg forvaltningseining i Vestland fylke. Stillinga er knytt til kommunens helse- og sosialsektor, som arbeider for meistring, deltaking og livskvalitet for innbyggjarar med samansette behov. Med eit veksande behov for kommunale tenester er nytenking og berekraftige løysingar sentrale satsingsområde dei komande åra.

Søknad og frist

Søknadsfrist: 26. juli 2026.

Annonsetekst

Stryn kommune søkjer ein nysgjerrig, motiverande og samlande leiar som vil vere med på spennande utviklingsarbeid i Miljø og velferd dei næraste åra. Som einingsleiar i Miljø og velferd vil du ha ei sentral rolle i å vidareutvikle tenestene gjennom nye arbeidsmåtar, god fagutvikling og målretta endringsarbeid. Det vil vere stadig fleire innbyggjarar som har behov for kommunale tenester, noko som gjer at nytenking, omstilling og berekraftige løysingar står sentralt i stillinga. Samstundes er det viktig å ta vare på det som fungerer godt i dag. Om eininga Miljø- og velferdstenester består i dag av:

  • Teneste for rus og psykisk helse
  • Teneste for menneske med funksjonsnedsetting
  • Avlastningsbustad for barn
  • Arbeidssenter
  • Koordinerande eining

Tenestene arbeider tett saman for å leggje til rette for meistring, deltaking og god livskvalitet for brukarane. Som einingsleiar vil du ha overordna personal- og budsjettansvar, samt hovudansvar for drift, beredskapsarbeid og internkontroll i eininga. Du har òg det overordna faglege ansvaret for tenestene. Du vil vere ein del av kommunalsjef for Helse og sosial si leiargruppe og bidra aktivt i tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid i kommunen.

Arbeidsoppgåver

Som einingsleiar har du ansvar for:

  • Personalleiing, arbeidsmiljø og kompetanseutvikling
  • Budsjett- og økonomistyring
  • Drift, internkontroll og beredskapsarbeid
  • Dagleg og organisatorisk utvikling av tenestene
  • At tenestene er i samsvar med gjeldande lovverk og etiske retningslinjer
  • God samhandling med brukarar, pårørande, andre einingar, samarbeidspartnarar og frivillige

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning på høgskule- og/eller universitetsnivå, gjerne innan helse- og sosialfag Leiarutdanning og/eller leiarerfaring vil bli vektlagt

Vi ønskjer at du har:

  • Forståing og interesse for medarbeidardrivne endringsprosessar
  • Kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
  • God forståing for økonomi- og budsjettarbeid
  • Interesse for fagutvikling, kvalitet og tverrfagleg samarbeid

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at du:

  • Er ein tydeleg, inkluderande og motiverande leiar
  • Har evne til å samle og engasjere medarbeidarane
  • Er trygg i endringsleiing og utviklingsarbeid
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er opptatt av kvalitet, etikk og brukarorienterte tenester

Vi tilbyr

  • Ei spanande leiarstilling med stor påverknad og utviklingsmoglegheiter
  • Deltaking i strategisk utviklings- og planarbeid i kommunen
  • Eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Alexander Rande, Kommunalsjef, 97040762 Åshild Heggdal, Einingsleiar miljø- og velferdstenester, 93446790

Arbeidsstad

Tonningsgata 4 6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune Referansenr.: 5147609344 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.07.2026

Lignende stillinger

Sykepleier til bolig i Trøndelag
Konstali Helsenor AS · TRØNDELAG

Konstali Helsenor, vikarbyrå i Oslo, søker 2 sykepleiere til heltidsvikariat ved bolig i Trøndelag fra 16. november 2026.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Sykepleier til bolig i Møre og Romsdal
Konstali Helsenor As · MØRE OG ROMSDAL

Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat på heltid ved bokollektiv for personer med demens i Møre og Romsdal.

VikariatHeltidHelse og sosial
Frist 6.11.2026
Sykepleier til bolig i Akershus
Konstali Helsenor AS · AKERSHUS

Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat på heltid i et bofellesskap i Akershus, 1. desember 2026 til 1. mars 2027.

VikariatHeltidHelse og sosial
Sykepleier til sykehjem i Finnmark
Konstali Helsenor AS · FINNMARK

Konstali Helsenor søker sykepleier i heltidsvikariat ved sykehjem i Finnmark, fra 9. november 2026 til 17. januar 2027.

VikariatHeltidHelse og sosial