Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang

Sjukepleiar

Gulen Kommune · Gulen, Vestland

VikariatDeltidOffentligHelse og sosialFrist om 7 dager

AI-sammendrag

Om stillingen

Gulen kommune søker sjukepleiar til sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (BBD). Det er to stillingar: eit inntil 50% vikariat frå avtalt dato til 31.01.2027, knytt til turnus på Dalsøyra utan helgevakter, og ei inntil 33% fast stilling, også med turnus på Dalsøyra og ordinære vakter. Stillingane kan kombinerast. Arbeidsstad er Gulen. Oppgåvene omfattar sjukepleiefagleg ansvar, pasientretta oppfølging av brukarar i heimetenesta, og samarbeid med andre faggrupper. Krav er autorisasjon som sjukepleiar, gode norskkunnskapar, gyldig politiattest og førarkort klasse B.

Om arbeidsgiveren

Stillinga er knytt til Gulen kommune sone Brekke, Dalsøyra, Byrknes, ei undereining innan sjukepleietenester og andre helsetenester i heimen, organisert under kommunal forvaltning. Eininga har 11 tilsette og driv heimetenestene i dei tre områda.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 27.09.2026.

Om stillingen

Om stillingane

Gulen kommune, for tida ved sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) har ledig:

  • I inntil 50% vikariat som sjukepleiar ved sone BBD frå etter avtale til 31.01.2027. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra, med ordinære vakter i vekedagane. I utgangspunktet er det ikkje helg knytt til dette vikariatet.
  • I inntil 33% fast stilling som sjukepleiar ved sone BBD frå etter avtale. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra. Ordinære vakter.

Dersom ein ynskjer kan desse stillingane/delar av stillingane kombinerast med kvarandre.

Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.

Me tilbyr

  • Ekstra helgekompensasjon for gjennomført vakt
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø og ei spanande teneste i utvikling

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver
  • Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane
  • Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
  • Andre oppgåver som måtte kome til

I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
  • Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Søk på jobben
Søk senest 27.9.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Gulen Kommune

Lignende stillinger

Sykepleier til Helshus- KAD avd i Akershus
Konstali Helsenor AS · AKERSHUS

Konstali Helsenor, vikarbyrå med 377 ansatte, søker sykepleier til vikariat på heltid ved et helsehus i Akershus.

VikariatHeltidHelse og sosial
Tannhelsesekretær - Årnes tannklinikk
Akershus fylkeskommune, Årnes tannklinikk · AKERSHUS

Årnes tannklinikk i Akershus fylkeskommune søker tannhelsesekretær i fast, 100 % stilling.

FastHeltidHelse og sosial