Statsforvaltaren i Vestland søkjer jurist til fast heltidsstilling innanfor barnevern, med base i Sogndal.
Rådgjevar/seniorrådgjevar – utdanning
Statsforvaltaren I Vestland · Bergen, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Statsforvaltaren i Vestland søker ein rådgjevar/seniorrådgjevar til ei fast, heltids stilling innan utdanningsområdet, med arbeidsstad i Bergen. Hovudoppgåva er sakshandsaming av saker om skulemiljø, der Statsforvaltaren vurderer om skular har oppfylt aktivitetsplikta i elevsaker. Stillinga inneber også rettleiing av elevar, foreldre og skulesektoren om regelverket, samt anna arbeid knytt til opplæringslova og barnehagelova. Stillinga er lagt til forvaltningsseksjonen, som har 18 tilsette med juridisk, pedagogisk, samfunnsfagleg og administrativ kompetanse. Det krevst høgare utdanning på bachelor- eller masternivå og erfaring frå grunnskule eller vidaregåande opplæring.
Om arbeidsgjevaren
Statsforvaltaren i Vestland er ei underavdeling til næringsdrivande og offentleg forvaltning, innan bransjen generell offentleg administrasjon. Verksemda har 98 tilsette og held til i Sogndal. Som statleg embete tilbyr dei medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning, fleksibel arbeidstid og høve til heimekontor ein dag i veka.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 24. august 2026. Søknad skal sendast digitalt gjennom rekrutteringsportalen, med relevante vitnemål og attestar vedlagt.
Om stillingen
Om stillinga
Vi har ledig ei fast stilling på utdanningsområdet, der hovudoppgåva vil vere arbeid med skulemiljø. Statsforvaltaren vurderer om skulen har oppfylt den lovpålagde aktivitetsplikta i elevsaker. Vi rettleiar også elevar, foreldre og skulesektoren om regelverket.
Vi ønskjer oss ein dyktig medarbeidar med erfaring frå arbeid med grunnskule eller vidaregåande opplæring.
Stillinga høyrer til forvaltningsseksjonen, som har 18 tilsette med juridisk, pedagogisk, samfunnsfagleg og administrativ kompetanse.
Arbeidsoppgåver
I stillinga vil du
- sakshandsame saker om skulemiljø
- rettleie skulesektoren og privatpersonar om problemstillingar knytt til kapittel 12 i opplæringslova
- ved behov arbeide med andre saker knytt til opplæringslov og barnehagelov
- samarbeide tett med dyktige kollegaer med ulik fagbakgrunn
Kvalifikasjonar
For å arbeide hos oss må du ha
- høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
- erfaring frå arbeid i, eller med, grunnskule og/eller vidaregåande opplæring
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål
- kunnskap om kommunesektoren, offentleg forvaltning og Statsforvaltaren si rolle i styringssystemet
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som har
- evne til å fordjupe deg i eit fagfelt, og som tek ansvar for å halde fristar og følgje opp eigne sakar
- evne til å kommunisere kompliserte problemstillingar på ein god måte, både skriftleg og munnleg
- evne til å rettleie barn og vaksne i sårbare situasjonar
- vilje og evne til å samarbeide, både med kollegaer og eksterne, om å løyse oppgåvene på best mogeleg måte
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver som har betyding for barn og unge sine liv
- eit godt, inkluderande, tverrfagleg arbeidsmiljø der vi arbeider saman om å løyse oppgåvene
- medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
- fleksibel arbeidstid
- høve til heimekontor ein dag i veka
- arbeidsplass i nye aktivitetsbaserte lokalar
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjon, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 610 000-770 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Flere stillinger hos Statsforvaltaren I Vestland
Lignende stillinger
Signatur Revisjon AS i Agder søker en erfaren revisor til fast deltidsstilling med fleksibelt omfang.
Visitt AS i Arendal søker 3 provisjonsbaserte selgere/rådgivere til næringseiendom, fast heltidsstilling.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeserviceagenter til Hellas, fast heltidsstilling.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundekonsulenter på heltid, fast stilling i Torrevieja, Spania.
Jobs By Nordics søker 5 norsktalende kundeservicekonsulenter til fast heltidsjobb i Fuengirola.
Birkeland Takst & Prosjekt i Nordre Follo søker 2 selvstendige takstingeniører på heltid med oppdragsbasert frihet.