Hopp til innhold
Følg sokfirma.no på LinkedIn.Følg oss

Helsefagarbeidar 100% fast stilling

Bukollektiva, Sula Kommune · Sula, Møre Og Romsdal

FastHeltidOffentligHelse og sosialFrist 10.8.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Bukollektiva i Sula kommune søker én autorisert helsefagarbeidar i 100% fast stilling ved bukollektivet på Molværsvegen 17 i Langevåg. Stillingen er i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg, og oppstart er satt til 1. september 2026 eller etter avtale. Arbeidsoppgåvene omfattar systematisk pleie og miljøterapeutiske tiltak, kartlegging av funksjonsnivå og behov, medisinhandtering, primærpleie og nært samarbeid med pårørande og tverrfagleg personell. Det er særleg ønskjeleg med erfaring frå eller vidareutdanning innan demensomsorg.

Om arbeidsgivaren

Bukollektiva er ei undereining av Sula kommune og tilbyr heildøgns omsorg for personar med demens i bufellesskapsform. Eininga på Molværsvegen 15/17/19 består av fleire åtskilde avdelingar med felles leiing, og har 127 ansatte. Verksemda høyrer til bransjen for helse- og omsorgstjenester i bufellesskap og samlokaliserte omsorgsboliger.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 19. juli 2026.

Om stillingen

Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!

Ved Bukollektiva, Molværsvegen 17, har vi ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar grunna interne omrokkeringar. Arbeid i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Er du ein helsefagarbeidar som ønskjer å arbeide kunnskapsbasert, systematisk og personsentrert i demensomsorga? Hos oss får du høve til å bruke og vidareutvikle di faglege kompetanse i eit miljø med høg kvalitet og faglege ambisjonar. Hos oss står mennesket i sentrum. Vi arbeider aktivt med å skape trygge, gode og meiningsfulle dager for våre bebuarar med utgangspunkt i den enkelte sine behov, ressursar og livshistorie.

Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv med heildøgns omsorg for personer med sjukdomen demens. Avdelingane er adskilte, men har felles leiing og det er nært samarbeid både fagleg og sosialt. Avdelinga og eininga har godt omdømme.

Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!

Søknadsfrist 10. august 2026, tiltredelse etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og gjennomføre systematisk pleie og miljøterapeutiske tiltak
  • Kartleggje funksjonsnivå, åtferd og behov ved bruk av faglege verktøy
  • Bidra til struktur, forutsigbarheit og tryggleik for bebuarar med demens
  • Delta i faglege drøftingar, refleksjon og kontinuerleg kvalitetsforbetring
  • Dokumentere i tråd med lovverk, faglege standardar og interne rutinar
  • Samarbeide tett med sjukepleiarar, vernepleiarar og anna fagpersonell
  • Praktisk hjelp
  • Primærpleie
  • Medisinhandtering
  • Nært samarbeid med pårørande

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar
  • Vidareutdanning og/eller erfaring med sjukdomen demens kan vere ein fordel
  • Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad
  • Kjennskap til personsentrert omsorg, miljøbehandling og åtferdsforståing
  • Gode ferdigheiter i observasjon, vurdering og dokumentasjon
  • Gode datakunnskaper
  • Erfaring med Helseplattformen kan vere ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

Vi søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø for bebuarar og kollegaer. Du har ei genuin interesser for demensomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for bebuarar og pårørande. Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel med både kollegaer og tenestemottakarar. Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.

Personlege eigenskaper vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Inkludering i eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • God opplæring og nærleiing
  • Mentor-ordning ved oppstart
  • Fokus på demensomsorg og fagleg utvikling
  • Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Gratis parkering
  • Tillegg for relevant vidareutdanning
  • I tillegg til tariffløn har kommuna generelle tillegg på kr 4000,- som kompensasjon for å arbeide på helg og 20-års ans.stige.

Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning Tilsetting på vanlege kommunale vilkår

Kontaktinformasjon

Catharina Klokk Eide, Avdelingsleiar Molværsvegen 15/17/19, 48074239, [email protected] Cecilie Ørjasæter, Einingsleiar, 91596764, [email protected]

Arbeidsstad

Molværsvegen 17 6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune Referansenr.: 5148039333 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.09.2026 Søknadsfrist: 10.08.2026

Søk på jobben
Søk senest 10.8.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Bukollektiva, Sula Kommune

Lignende stillinger

Dental Hygienists – Build Your Future in Denmark
Plant Supervision Denmark ApS

Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.

FastHeltid10 stillingerHelse og sosial
Frist 2.9.2026