Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Sjukepleiarstudent på 2. året?

Haugesund Sjukehus · Haugesund, Rogaland

VikariatDeltidOffentligHelse og sosialFrist 31.12.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Haugesund sjukehus tilbyr eit vikariat på deltid for sjukepleiarstudenter på 2. året. Stillinga er tilpassa studiekvardagen — du jobbar helger og 5 veker i sommarferien. Du kan velje fagområde mellom medisin, kirurgi eller psykisk helsevern. Det er 1 ledig stilling, og tilsetting skjer fortløpande.

Som tilsett student tek du del i dagleg behandling og pleie, og er ein del av det tverrfaglege teamet. Du mottar 20 000 kr i stipend i tillegg til lønn, og får verdifull sjukehuserfaring medan du framleis studerer.

Om arbeidsgivaren

Haugesund sjukehus er ei undereining av Helse Fonna HF og driv somatiske sjukehustenester i Haugesund. Verksemda har 2 160 tilsette og representerer ein av dei større arbeidsplassane i regionen innan offentleg spesialisthelseteneste.

Søknad og frist

Søknadsfrist: 31. desember 2026.

Om stillingen

Då er dette ein smart måte å starte karrieren på. Hos oss får du 20 000 kr i stipend, jobb ved sida av studiet og erfaring frå sjukehus medan du framleis studerer. Du blir del av eit fagmiljø, får opplæring og kjem tett på pasientane i ein trygg ramme.

🏥 Du jobbar helger og 5 veker i sommarferien, og vi prøver å tilpasse turnusen til studiekvardagen din. Vel fagområde du er nysgjerrig på – medisin, kirurgi eller psykisk helsevern.

💡 Vi tilset fortløpande – så ikkje vent med å søkje.

Kva går jobben ut på?

  • Du tar del i den daglege behandlinga og pleia – og er tett på pasientane.
  • Du blir ein del av det tverrfaglege teamet som samarbeider tett om pasientane – kvar dag.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Du er 2. års sjukepleiarstudent.
  • Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • møter pasientar og kollegaer med respekt, varme og ro
  • trivst med å jobbe tett saman med andre og har eit godt lag med folk
  • tek ansvar og er sjølvstendig
  • er nysgjerrig og liker å lære

Kvifor skal du velje oss?

Jo, for hos oss får du:

  • Lønn, stipend og praksis i ett.
  • Verdifull erfaring.
  • Tilhørighet i eit fagleg miljø.
  • Moglegheit til tilpassa arbeidstid etter din studiekvardag.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kitty Elise Lind Fremmersvik, HR rådgivar, kitty.elise.lind.fremmersvik@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120 5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5136051756 Stillingsprosent: 0% Vikariat Søknadsfrist: 31.12.2026

Søk på jobben
Søk senest 31.12.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Haugesund Sjukehus

Ergoterapeut
Habiliteringsavdeling, Haugesund · HAUGESUND, ROGALAND

Helse Fonna HF, Haugesund sjukehus, søker fast ergoterapeut i 100 % stilling til Habilitering for voksne i Haugesund.

FastHeltidHelse og sosial
Frist 5.10.2026

Lignende stillinger