Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Leiar forretningsutvikling - Digital Etikett

Visere · Luster, Vestland

FastHeltidPrivatIndustri og produksjon
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Visere.

AI-sammendrag

Om stillingen

Dette er ei nyoppretta, fast heltidsstilling som leiar for forretningsutvikling hos Digital Etikett, med arbeidsstad i Gaupne i Luster kommune. Rolla inneber ansvar for å støtte leiinga i strategisk og operativ utvikling, leie forbetringsprosjekt, vidareutvikle rutinar og styringsverktøy, og vere ein sentral sparringspartnar for dagleg leiar og leiargruppa. Noko reiseverksemd må påreknast.

Om arbeidsgivaren

Stillinga er utlyst av Visere AS, eit rekrutteringsbyrå i Bergen, på vegner av Digital Etikett AS – eit norskeigd trykkeri for etiketter og fleksibel emballasje med fabrikk og hovudkontor i Gaupne. Digital Etikett leverer til kundar over heile landet og har dei siste åra opplevd sterk vekst. Selskapet skil seg ut gjennom høg kvalitet, raske leveransar og tett kundeoppfølging.

Søknad og frist

Alle søknadar vert behandla fortløpande. Ingen spesifikk søknadsfrist er oppgitt.

Om stillingen

Vil du vere med på å forme den neste vekstfasen i Digital Etikett?

Digital Etikett er i sterk vekst og søkjer ein leiar for forretningsutvikling. Dette er ei nyoppretta rolle med ansvar for å vidareutvikle og, saman med leiinga, skalere selskapet. Du vil støtte leiinga i prosjekt, organisasjonsutvikling, forretningsutvikling og ekstern vekst.

Du vil arbeide tett saman med dagleg leiar og resten av leiargruppa, og få ei sentral rolle i den vidare utviklinga av verksemda. Saman med leiinga skal du bidra til gode strukturar og effektive prosessar i ein fase med vidare vekst.

Dette er ei rolle for deg som ønskjer ein sentral posisjon i eit selskap i utvikling, og som blir motivert av å vere med på å forme både organisasjonen og di eiga rolle over tid.

Digital Etikett er eit selskap der innovasjon, menneske og kultur står i sentrum for alt vi gjer.

Ansvarsområde

  • Følgje opp og bidra til måloppnåing innan selskapsmål, nøkkeltal og økonomiske resultat
  • Bidra med beslutningsstøtte og gjennomføringskraft til leiargruppa for å sikre effektiv drift, god organisering og kontinuerleg forbetring
  • Leie og gjennomføre utviklings- og forbetringsprosjekt
  • Vidareutvikle rutinar, arbeidsprosessar og styringsverktøy, og sikre ein høg grad av digitalisering og bruk av moderne og framtidsretta løysingar
  • Vere ein sentral sparringspartnar og prosjektleiar for dagleg leiar og leiargruppa

Kven ser vi etter?

Vi ser etter ein strukturert og gjennomføringssterk person som kombinerer god forretningsforståing med evne til å skape framdrift og resultat, og som trivst med å arbeide gjennom og saman med andre.

Du har:

  • Høgare utdanning innan økonomi, eller tilsvarande
  • 3–7 års relevant erfaring innan økonomi, controlling, prosjektleiing eller forretningsutvikling
  • Erfaring med resultatansvar og samanhengen mellom drift, økonomi, vekst og lønsemd
  • Evne til å arbeide både strategisk og operativt
  • Gode samarbeidsevner og god til å byggje tillit på tvers av organisasjonen
  • Er ein lagspelar som lyttar, involverer og får med folk
  • Evne til å forankre initiativ og, saman med leiinga, skape gode prosessar, tydelege prioriteringar og varige resultat både internt og i marknaden

Vi trur du er analytisk, strukturert og sjølvstendig, men samstundes ein lagspelar som lyttar, byggjer fellesskap og skaper resultat saman med andre.

Vi tilbyr

  • Ei nøkkelrolle i eit selskap med sterk vekst og store ambisjonar
  • Stor påverknad på den vidare utviklinga av selskapet
  • Tett samarbeid med dagleg leiar og leiargruppa
  • Korte beslutningsvegar og høg grad av tillit og ansvar
  • Eit uformelt, inkluderande og ambisiøst arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Ei rolle med moglegheit for auka ansvar og vidare leiarutvikling i takt med selskapet sin vekst

Arbeidsstad: Gaupne i Luster kommune. Noko reiseverksemd må påreknast.

Lyst til å ta ein prat om stillinga?

Vil du vere med på å forme den neste vekstfasen i Digital Etikett? Då ønskjer vi å høyre frå deg.

Ta kontakt:

Jon Gjerde - 958 55 394 / jon@visere.no Daniel Dvergsdal - 904 79 470 / daniel@visere.no

Dersom du ønskjer det, kan vi i første omgang halde namnet ditt konfidensielt overfor oppdragsgjevar. Alle søknadar vert behandla fortløpande.

Om Digital Etikett

Digital Etikett AS er eit norskeigd trykkeri for etikettar og fleksibel emballasje, med hovudkontor og fabrikk i Gaupne. Selskapet leverer innovative løysingar til kundar over heile landet og har dei siste åra opplevd sterk vekst.

Vi skil oss ut gjennom høg kvalitet, raske leveransar, tett kundeoppfølging og medarbeidarar som brenn for å finne gode løysingar.

Les meir på www.digitaletikett.no.

Flere stillinger hos Visere

Sales Manager – Aquaculture
Visere · BERGEN, VESTLAND

Guard i Bergen søker Sales Manager til akvakultur, fast heltidsstilling med salgsansvar mot oppdrettsnæringen.

FastHeltidSalg og service

Lignende stillinger

Stål montører
Right Bygg Og Vaktmestertjenester As · AKERSHUS

Right Bygg og Vaktmestertjenester søker stålmontør til prefab-prosjekt på heltid i Akershus.

ProsjektHeltidIndustri og produksjon
Structural Civil Engineer
CERN

CERN i Sveits søker en fast Structural Civil Engineer på heltid til design og oppfølging av byggkonstruksjoner.

FastHeltidIndustri og produksjon
Frist 6.9.2026
Operatørstilling Larvik (vikariat)
Norsk Stål As Avd Ringdalskogen · VESTFOLD

Norsk Stål i Larvik søker operatør til vikariat på heltid innen mottak, produksjon og lasting av stål.

VikariatHeltidIndustri og produksjon