Eidet skule i Haram kommune søker barne- og ungdomsarbeider til årsvikariat på heltid i skole og SFO fra 1. januar 2027.
Tilkallingsvikarar som lærar og assistent
Eidet Skule, Haram Kommune · Haram, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Haram kommune søkjer tilkallingsvikarar til 2 stillingar som lærar og assistent ved Eidet skule, for skuleåret 2026/27. Vikariata er deltidsstillingar med oppgåver knytt til undervisning, oppfølging av elevar og arbeid i SFO. Arbeidsstad er ved Eidet skule i Vatne, Haram kommune, med planlagd oppstart 01.09.2026.
Arbeidsoppgåvene varierer etter om det er lærar- eller assistentstilling som er aktuelt, og omfattar mellom anna undervisning, omsorg og oppfølging av enkeltelevar med særskilte behov, samt tilrettelegging for aktivitetar i skule og SFO.
Om arbeidsgjevaren
Eidet skule er ein kommunal skule i Haram kommune, med om lag 400 elevar frå 1. til 10. trinn og rundt 120 barn på SFO. Skulen er nybygd med moderne fasilitetar som spesialrom, 1-1 digital dekning, elevkantine og bibliotek. Som del av kommunalområde barnehage og skule inngår Eidet skule i eit større kommunalt tenestetilbod med fleire skular og barnehagar.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 20.06.2027.
Annonsetekst
Vi søkjer tilkallingsvikarar både som lærar og assistent i skule og SFO skuleåret 2026/27. Skriv i søknaden kva som er aktuelt. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med litt under 400 elevar frå 1. til 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek. Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Det er tett samarbeid mellom skule og SFO. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolte over å vere ein del av. I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida. Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
Følgjande arbeidsoppgåver er aktuelle:
- Undervisning (lærarstilling)
- Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkeltebarn
- Gje barn positiv oppfølging og støtte
- Følgje opp enkeltelevar med særskilte og samansette behov
- Rettleie barn i leik og aktivitetar
- Leggje til rette for og gjennomføre aktivititetar i skule og SFO
- Personleg assistanse i høve av- og påkledning, stell og pleieoppgåver og måltid
- Samarbeide med skulen sine tilsette
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse og relevant erfaring for lærarstilling
- Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage
- Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
- God digital kompetanse
- Godkjent politi- og tuberkulinattest
Personlege eigenskapar
- Likar å arbeide med barn og unge
- God vaksen rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på kvart enkelt barn
- Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre
- Ansvarsfull, engasjert og tar initiativ
- Trivast i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar
- Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer
- Positiv og godt humør
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Ein arbeidskvardag der du gjer ein skilnad i barn og unge sine liv
- Ny og moderne skule og SFO
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø
- Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der mykje positiv aktivitet vert skapt
- Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale
Kontaktinformasjon
Ole André Lukkedal, Rektor, 48112398, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Vatnevegen 41 6265 VATNE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5168070791 Stillingsprosent: 0% Vikar Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 20.06.2027 Søknadsfrist: 20.06.2027
Flere stillinger hos Eidet Skule, Haram Kommune
API og MCPGET /company/934905288/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/934905288/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 2,
"hits": [
{
"uuid": "3dc4288f-3b57-4825-ab2c-3b8c920aa916",
"title": "Barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO",
"municipal": "HARAM",
"application_due": "2026-11-15 00:00:00+00",
…
},
{
"uuid": "1956a188-d208-47cb-82b4-a60aaa217aff",
"title": "Tilkallingsvikarar som lærar og assistent",
"municipal": "HARAM",
"application_due": "2027-06-20 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "934905288" })Spør AI-assistenten
Hvilke andre stillinger lyser Eidet Skule ut nå?
Hva er søknadsfristen for «Tilkallingsvikarar som lærar og assistent» hos Eidet Skule?
Ansetter Eidet Skule flere i Haram nå?
Lignende stillinger
Hvam videregående skole i Nes søker spansklærer i ca. 50 % vikariat fra januar til juni 2027.
Mobarn Øverland Barnehage i Molde søker pedagogisk leder i 100 % fast stilling.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Hildre Montessoribarnehage i Haram søker deltids tilkallingsvikar til barnehagen.