Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Vil du bli vår nye sjukepleiar?

Etne Kommune Pleie Og Omsorg · Etne, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Etne Kommune Pleie Og Omsorg.

AI-sammendrag

Om stillingen

Etne kommune Pleie og omsorg søker sjukepleiar til Etne omsorgssenter, avdeling 2, som har 20 institusjonsplassar for korttids- og langtidsopphald. Stillinga er fast, i inntil 100 % stilling, og det skal tilsetjast 1 person. Arbeidsstad er Etne i Vestland. Oppgåvene omfattar heilskapleg sjukepleiarfagleg oppfølging av bebuarar, kartlegging, dokumentasjon og evaluering av tiltak, legemiddelhandtering og medisinsk oppfølging, samarbeid med lege og pårørande, samt rettleiing av kollegaer og lærlingar. Turnusen er årsturnus med moglegheit for medverknad, og ein kan velje mellom ordinære vakter (kvar tredje helg) eller langvakter (kvar fjerde helg). Krav er norsk autorisasjon som sjukepleiar og gode norskkunnskapar; erfaring frå institusjon eller kommunehelseteneste er ønskjeleg.

Om arbeidsgjevaren

Etne kommune Pleie og omsorg er ein kommunal verksemd innan helse og sosial, som driv omsorgssenteret med institusjonsplassar for korttids- og langtidsopphald.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 2. oktober 2026.

Om stillingen

Etne omsorgssenter, avdeling 2, har 20 institusjonsplassar for korttids- og langtidsopphald. Me søkjer no sjukepleiar i inntil 100 % fast stilling.

Me arbeider for å gi bebuarane trygge, gode og fagleg forsvarlege tenester av høg kvalitet. Hos oss blir du del av eit tverrfagleg miljø med dyktige og engasjerte kollegaer, der samarbeid, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø står sentralt.

Me tilbyr årsturnus med høve til å påverke eigen arbeidskvardag. Du kan velje mellom ordinære vakter med arbeid kvar tredje helg, eller langvakter med arbeid kvar fjerde helg.

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg sjukepleiarfagleg oppfølging av bebuarar på korttids- og langtidsopphald
  • Kartlegging, observasjon, dokumentasjon og evaluering av tiltak
  • Legemiddelhandtering og medisinsk oppfølging
  • Samarbeid med lege, pårørande og andre faggrupper
  • Rettleiing og fagleg støtte til kollegaer og elevar/lærlingar
  • Bidra til kvalitetsutvikling og gode arbeidsrutinar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå institusjon eller kommunehelsetenesta er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Du er komfortabel med digitale arbeidsverktøy og dokumentasjonssystem

Eigenskapar

Vi ser etter deg som er fagleg trygg, strukturert og omsorgsfull. Du samarbeider godt med andre, kan arbeide sjølvstendig og held ro i situasjonar som krev gode faglege vurderingar. Personleg eignaheit vil bli vektlagd.

Me tilbyr

  • Fast stilling i inntil 100 %
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Varierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Årsturnus med høve til medverknad i eigen arbeidsplan
  • Val mellom ordinære vakter eller langvakter
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk

Annan informasjon

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her

Lignende stillinger