Jobs By Nordics AB søker 25 hotellunderholdere til sesongjobb 2027 på gresk øy og Kypros, heltid som engasjement.
Stord24 søkjer engasjert journalist
Stord24 · Stord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Stord24 søkjer ein journalist i fast, heil stilling. Redaksjonen tel i dag fire journalistar, og den nye medarbeidaren vil få varierte oppgåver i ein liten, dynamisk redaksjon. Nynorsk er arbeidsspråket, og gode skriftlege ferdigheiter er eit krav. Erfaring eller utdanning innan journalistikk er ein fordel, men ikkje absolutt nødvendig — samfunnsengasjement og nysgjerrigheit på lokalmiljøet vektleggjast. Arbeidstida er normalt dagtid, men noko kveld- og helgejobbing må påreknast. Eigen bil er ein fordel. Arbeidsstad er Leirvik sentrum på Stord i Vestland.
Om arbeidsgivaren
Stord24 AS er ei lokal nettavis registrert under bransjen for skapande kunstnarisk verksemd innan litteratur, og er organisert som undereining. Verksemda har 5 tilsette og held til i Kunnskapshuset i Leirvik sentrum. Det er ein mindre redaksjon i sterk utvikling, med ambisjonar om vekst.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 19. juli 2026. Ønskt oppstart er snarast mogleg.
Annonsetekst
Stord24 ser etter ein journalist i full stilling.
Me ser etter deg som vil vera ein del av ei ung og ambisiøs avis i sterk utvikling. Stord24 er ein mindre redaksjon som i dag tel fire journalistar. Her vil du kunna bryna deg på svært varierte oppgåver som journalist.
Den viktigste eigenskapen me ser etter er at du er samfunnsengasjert og nysgjerrig på det som skjer i nærmiljøet.
Erfaring eller utdanning innan journalistikk er ein fordel, men ingen absolutt krav.
Det er viktig at du er stødig i nynorsk og glad i å formulera deg skriftlig. Du bør vera ein blid og omgjengeleg person som er glad i å snakka med folk.
Du må vera interessert i den rivande teknologiutviklinga som pregar bransjen, og vera open for å gjera ting på nye måtar.
Arbeidstid vil normalt vera på dagtid, men noko kveld- og helgejobbing må påreknast. Me tilbyr stor fleksibilitet i arbeidstida og konkurransedyktig løn.
Me held til i moderne kontorlokale i Kunnskapshuset i Leirvik sentrum, med god kantine med varm lunsj og treningsrom. Du bør kunna disponera eigen bil.
Me kan tilby deg ein veldig spennande jobb der ingen dagar er like!
Ønska oppstart er så snart som mogleg.