Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer i realfag, 25 % deltidsstilling fra september 2026.
Er du barnehagelærar?
Voss Herad Bolstad Barnehage · Voss, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Bolstad barnehage søkjer ein barnehagelærar i 40 % vikariat for barnehageåret 2026–2027 (frå 01.08.2026 til 31.07.2027). Arbeidsstad er Bolstad i Voss kommune. Hovudoppgåvene er pedagogisk planlegging, gjennomføring og dokumentasjon, samarbeid med born og føresette, og å bidra til eit trygt og inkluderande barnehagemiljø. Utdanning som barnehagelærar eller tilsvarande treårig pedagogisk utdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk er påkravd. Godkjend politiattest må leggjast fram.
Om arbeidsgivaren
Bolstad barnehage er ein liten, 1-avdelings barnehage med 14 born i alderen 1–5 år, lokalisert på Bolstad, om lag 30 minuttar frå Voss sentrum. Barnehagen er ei undereining under offentleg forvalting og opererer innanfor bransjen for førskuleundervisning og drift av barnehagar, med 18 tilsette. Det er eit utviklingsorientert fagmiljø med vekt på kunnskapsdeling, tverrfagleg samarbeid og leik som sentral pedagogisk metode. Løn og vilkår følgjer kommunalt avtaleverk, med gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 21. juni 2026. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden.
Om stillingen
Bolstad barnehage søkjer engasjert pedagog med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår.
Me har ledig:
- 40 % barnehagelærar for barnehageåret 2026 -2027
Tidsrom:
- Frå 01.08.2026 -31.07.2027
Me tilbyr:
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Ein kultur der me delar kunnskap og erfaring med kvarandre
- Gode kollegaer og eit positivt arbeidsmiljø
- Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk
Arbeidsoppgåver:
- Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet
- Utvikla og ivareta eit godt samarbeid med born og føresette
- Vera bindeledd mellom barnehage og heim og andre faginstansar
- Sørgja for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø
- Være ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Du som skal tilsetjast må ha utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
- Andre søkjarar kan bli vurdert
Den som blir tilsett må leggja fram godkjent politiattest
Me ynskjer deg som
- er målretta og fleksibel, som forstår barn sine behov og har evne til å byggja relasjonar
- er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
- er varm og grensesetjande
- er utadvent med evne til å kommunisera godt både skriftleg og munnleg
- har god evne til samarbeid og søkja felles forståing
Informasjon om barnehagen: Bolstad barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Bolstad, ca. 30 minuttar frå Voss sentrum. Me har 14 barn i alder 1 – 5 år. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Nes videregående skole i Akershus søker vikar i norsk, 70 % deltid, fra 7. september til 31. desember 2026.
Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer (60 %) i engelsk og historie fra 7. september til 31. desember 2026.
Ekspertundervisning søker 3 privatlærere i realfag til frilansoppdrag på heltid i Oslo.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.