Avdelingsleiar/skuleårsplanleggar
Opk-Ar - Årstad Vgs, Vestland Fylkeskommune · Bergen, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Årstad vidaregåande skule søkjer ein avdelingsleiar/skuleårsplanleggar i fast, hel stilling. Rolla inngår i leiargruppa og inneber overordna ansvar for skuleadministrasjon i systemet InSchool samt planlegging av skuleåret – oppgåver som blir løyst i tett samarbeid med ein annan leiar. I tillegg kjem fagleg og pedagogisk ansvar for opplæring innanfor eitt eller fleire fagområde, personal- og økonomiansvar, og arbeid med skuleutvikling i tråd med Fagfornyinga. Undervisning kan bli lagt til stillinga. Arbeidsstad er Bergen, og stillinga er ledig frå 15.10.2026.
Om arbeidsgivaren
Årstad vidaregåande skule er ein undersektor av Vestland fylkeskommune og ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen, med 190 tilsette. Skulen tilbyr 5 yrkesfaglege utdanningsprogram, studieførebuande løp, lærlingordning, innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og tilrettelagd opplæring – eit særleg variert tilbod som stiller store krav til administrativ samordning.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 16. august 2026. Det er krav om godkjend politiattest.
Om stillingen
Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der elevar skal finne eit godt læringsmiljø. Sjå meir om skulen på htttps://www.arstad.vgs.no
Til leiargruppa søkjer vi etter ein tydleg, trygg og samarbeidsorientert avdelingsleiar. Du vil ha overordna ansvar for det skuleadministrative systemet (InSchool) og skuleårsplanlegginga. Du jobbar tett saman med ein annan leiar om denne oppgåva. Stillinga er ledig frå 15.10.26 eller så snart som mogleg.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar vil du særleg arbeide med:
- Overordna ansvar for skuleårsplanlegging og drift av InSchool
- Fagleg og pedagogisk ansvar for opplæringa innanfor eit eller fleire fagområder
- Personal- og økonomiansvar
- Utvikling av undervisninga i samsvar med Fagfornyinga, Mål og stategiar for vidaregåande opplæring i Vestland og skulen sin utviklingsplan
- Undervisning kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse i vidaregåande skule
Det er ønskjeleg med:
- Erfaring frå arbeid i skuleadministrative system eller andre digitale system
- Erfaring frå utviklingsprosjekt retta mot å forbetre undervisningspraksis
- Vidareutdanning innan leiing
Personlege eigenskapar
- Du er systematisk, nøyaktig og løysningsorientert
- Du evner å sjå heilskap og kan finne løysingar som kjem alle til gode
- Du trivs å arbeide med tal og system
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du set elevane si lærling, trivsel og gjennomføring fyrst
- Du er ein tydleg, trygg og open leiar med ein inkluderande leiarstil
- Du er utviklingsorientert og har god gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Ein kreativ skule med stor variasjon innanfor utdanningsprogram
- Ein kultur prega av mangfald og engasjement
- Eit spanande, godt fagleg og sosial arbeidsmiljø med variert tverrfagleg samarbeid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
Andre opplysningar:
Tilsetjinga vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Kari Danielsen, rektor , 99479832
Arbeidsstad
Fjøsangerveien 38 5053 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5151418200 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 15.10.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026
Lignende stillinger
Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer i realfag, 25 % deltidsstilling fra september 2026.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.