Konstali Helsenor søker sykepleier i heltidsvikariat ved sykehjem i Finnmark, fra 9. november 2026 til 17. januar 2027.
Bu- og avlastingstenesta har ledig stilling som
Sunnfjord Kommune Bu- Og Avlastningstenesta · Sunnfjord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste lyser ut 2 faste heltidsstillingar som rettleiar. Tenesta er døgnbemanna og yt avlasting til føresette med særs krevjande omsorgsoppgåver for barn og unge (0–18 år) med ulike funksjonsnedsetjingar. Arbeidsstad er Sunnfjord kommune i Vestland.
Stillingane er nyoppretta og kombinerer rettleiing i heimen med miljøarbeid på avlastingsbustaden. Arbeidsoppgåvene omfattar kartlegging av kvardagsutfordringar, rettleiing i struktur og rutinar, støtte til føresette om regulerings- og åtferdsvanskar, legemiddelhandtering, tiltaksplanlegging og journalføring i Cosdoc. Turnusordninga er tredelt med arbeid kvar tredje helg. Det krevst treårig bachelorgrad innan helse- og sosialfag, erfaring frå miljøterapi med barn og unge, og førarkort klasse B.
Om arbeidsgivaren
Sunnfjord kommune er ein offentleg forvaltningseining. Bu- og avlastingstenesta er registrert med 50 tilsette og driv innanfor generell offentleg administrasjon. Som kommunal verksemd er tenesta ein del av det offentlege hjelpeapparatet i Sunnfjord.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 2. august 2026.
Om stillingen
Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste er ei døgnbemanna eining som yt avlasting til føresette med særs krevjande omsorgsoppgåver.
Hos oss handlar kvar dag om å skape gode og trygge rammer for barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar frå 0-18 år. Vi ser etter deg med eit stort hjarte som ynskjer å nytte din fagkompetanse til å gjere ein skilnad. Fokus skal vere på meistring, tryggleik og glede. Ein har i stor grad mogelegheit til å legge opp arbeidsdagen sin sjølv. Du vil jobbe tett med føresette, skule, barnehage, spesialisthelsetenesta og andre som yt tenester til barn og unge for å sikre eit heilskapleg tilbod.
Vi har ledig:
- 2x100 % fast stilling som rettleiar
Ein jobbar i tredelt turnus med arbeid tredje kvar helg.
Vi søker ein engasjert og utviklingsorientert person til nyoppretta stilling som rettleiar hos oss. Stillinga gir gode moglegheiter til å påverke og forme både innhaldet i rolla og utviklinga av tenesta, mellom anna gjennom arbeid med rutinar, arbeidsoppgåver, arbeidsmetodar og gjennomføring.
Stillinga inneber rettleiing i heim der ein i samarbeid med føresette skal kartlegge utfordingar i kvardagen og vidare følge opp i høve støtte, rutinar, struktur, samspel og forståing av barn og unge sine regulerings- og åtferdsvanskar.
Formålet med stillinga er å redusere belastninga i familien og førebygge meir inngripande tiltak som avlasting utanfor heimen.
Stillinga er for deg som har bakgrunn som miljøterapeut i arbeid med barn og unge med særskilte behov. Stillinga er ein kombinasjon av rettleiing i heim og miljøarbeid på avlastingsbustaden.
Arbeidsoppgåver:
- Kartlegge utfordringane i kvardagen
- Rettleie i tydeleg struktur og rutinar
- Forutsigbar og visuell støtte
- Regulere før korrigere
- Støtte føresette i å forstå behova bak åtferd
- Jobbe med foreldrestress og samregulering
- Legemiddelhandtering
- Legge til rette for og gjennomføre meiningsfulle aktivitetar tilpassa den enkelte sitt funksjonsnivå
- Samarbeide med interne og eksterne instansar
- Planlegge, følgje opp og evaluere tiltak
- Oppdatere tiltaksplanar
- Fagleg, etisk og trygg gjennomføring ved behov etter Helse- og omsorgstenesteloven kap. 9
- Journalføring i fagprogrammet Cosdoc
- Matlaging, klesvask og anna førefallande arbeid
krav til søkar:
- Førarkort kl. B
- Treårig bachelorgrad innan helse- og sosialfaglege utdanningar
- erfaring frå miljøterapi med barn og unge, inkludert trygging, relasjonsbygging og strukturerte kvardagsrutinar
- Må meistre godt norsk skriftleg og munnleg
- Du må vere sjølvstendig samt kunne samarbeide
Personleg egenskapar blir vektlagt.
Vi søker deg som:
- Er tolmodig og har eit ønske om å jobbe med barn og unge
- Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og deler fagkunnskap med kollegaer
- Er omsorgsfull, kan sette varme og tydelege grenser, og ser kvart enkelt barn
Vi tilbyr:
- Ein meiningsfull kvardag der du kan gjere ein skilnad
- Eit inkluderande, fagleg sterkt og støttande arbeidsmiljø
- Varierte dagar med mykje aktivitet og glede
- Gode pensjons og forsikringsordningar
Gyldig politiattest må leverast før oppstart i stilling.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Konstali Helsenor, vikarbyrå med 371 ansatte, søker 3 helsefagarbeidere i Lofoten, heltid vikariat med oppstart 20. november.
Konstali Helsenor, vikarbyrå med 371 ansatte, søker 3 sykepleiere til heltidsvikariat i Lofoten.
Hålogaland Helse og Omsorg søker inntil 6 miljøterapeuter/miljøarbeidere på heltid, fast, i medleverturnus i Troms og Nordland.
Konstali Helsenor søker vernepleier i heltidsvikariat ved bolig i Trøndelag, fra 2. november 2026 til 10. januar 2027.
Inpo, et lite hjelpemiddelfirma med 16 ansatte, søker fagkonsulent til fast heltidsstilling i Buskerud, Østfold, Vestfold og Telemark.