Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Heimehjelp

Luster Kommune Hafslo Omsorgssenter · Luster, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosialFrist 6.9.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Luster kommune søkjer ein heimehjelp til Hafslo omsorgssenter, i fast, 100%-stilling frå 16.11.26 eller etter avtale. Stillinga inneber praktisk bistand til heimebuande i sone Hafslo, samt til bebuarar på omsorgsplass og i omsorgsbustadar, i tillegg til vask av fellesareal og oppfølging av elevar og nytilsette. Arbeidstida er hovudsakleg dagtid måndag–torsdag, med arbeid på omsorgsplass kvar tredje helg i todelt turnus. Det er 1 ledig stilling, med arbeidsstad i Luster kommune. Søkjar bør ha fagbrev innan reinhald eller relevant praksis, samt førarkort klasse B og eigen bil til teneste.

Om arbeidsgjevaren

Hafslo omsorgssenter og heimeteneste er ei underdeining i offentleg forvaltning under Luster kommune, innan omsorgstenester i bufellesskap for eldre og personar med fysisk funksjonsnedsetting. Verksemda har 79 tilsette og driv omsorgsplassar, omsorgsbustadar, heimeteneste og eit dagsenter for personar med demenssjukdom.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 6. september 2026.

Om stillingen

Hafslo omsorgssenter ligg flott til i fine omgjevnadar sentralt på Hafslo. Tilsette ved Hafslo omsorgssenter yter tenester til omsorgsplass for personar med demenssjukdom, omsorgsbustadar og til heimebuande.

I tillegg har me eit dagsenter for personar med demenssjukdom. Me har fokus på personsentrert omsorg og miljøbehandling.

Stillingsinformasjon:

Luster kommune søkjer medarbeidar til Hafslo omsorgssenter frå 16.11.26/etter avtale.

Det er ledig 100% fast stilling som heimehjelp. I denne stillinga inngår det arbeid på omsorgsplass kvar tredje helg med todelt turnus på helg. Elles er arbeidstidene dagtid måndag - torsdag.

Som heimehjelp yter tilsette praktisk bistand til heimebuande i sone Hafslo, på omsorgsplass og omsorgsbustadar

Arbeidsoppgåver:

  • Gje praktisk bistand, yte heimehjelpsoppdrag til heimebuande
  • Gje praktisk bistand til omsorgsplass og omsorgsbustad
  • Vask av fellesareal
  • Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar
  • Rettleie og følgje opp elevar, studentar og opplæring av nytilsette
  • Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Ynskjeleg med fagbrev innan reinhald/ ev. relevant praksis
  • Må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil i tenesta
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg

Me legg vekt på

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Vere fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar til både brukarar og medarbeidarar
  • Personlege eigenskapar

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår.
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 6.9.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Helsefagarbeider 90% stilling
Helse- og sosialetaten, Lurøy kommune

Lurøy kommune søker helsefagarbeider i 90% fast stilling ved Lovund omsorgssenter.

FastDeltidHelse og sosial
Frist 10.9.2026
Miljøterapeut
Emploi Medic As · NORDLAND

Emploi Medic AS søker miljøterapeut på heltid til oppdrag innen migrasjonshelse i Nordland.

EngasjementHeltidHelse og sosial