Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Ledige vikariat som helsefagarbeidar ved Eide helsetun

Ullensvang Kommune Eide Helsetun · Ullensvang, Vestland

VikariatHeltid7 stillingerOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Ullensvang Kommune Eide Helsetun.

AI-sammendrag

Om stillingen

Eide Helsetun i Ullensvang kommune lyser ut 7 vikariat for helsefagarbeidarar med oppstart etter avtale. Stillingane varierer i storleik frå 50 % til 100 %, og er alle ettårige vikariat med moglegheit for fast tilsetjing. Éi av stillingane er retta mot nattarbeid (80 %). Arbeidsstad er Odda i Ullensvang kommune, Vestland. Stillingane inneber turnus med dag, kveld og helg.

Hovedoppgåver er pleie og omsorg, bidrag til tryggleik og trivsel for bebuarar, dokumentasjon og samarbeid med kollegaer og pårørande. Det krevst autorisasjon som helsefagarbeidar, men ufaglærde og studentar innan helse- og sosialfag kan også søkje. Gode norskkunnskapar på nivå B2 er eit krav.

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga med sletting av utdanningsgjeld — inntil 25 000 kroner per år frå januar 2026 for dei som er busette og yrkesaktive i kommunen.

Om arbeidsgivaren

Eide Helsetun er ein sjukeheim og underliggande eining av Ullensvang kommune, med bransje innan sykehjemstjenester. Som del av kommunal forvaltning er verksemda offentleg finansiert og ein sentral leverandør av pleie- og omsorgstenester i Odda-området.

Søknad og frist

Søknadsfrist: 21. juni 2026.

Om stillingen

Vil du vera med og skapa gode dagar for våre bebuarar?

Eide Helsetun er ein av sjukeheimane i Ullensvang kommune og ligg sentralt til i Odda. Sjukeheimen har moderne og trivelege fasilitetar, eit godt fagmiljø og engasjerte medarbeidarar som kvar dag arbeider for å gje bebuarane våre trygge og gode tenester.

No søkjer vi etter fleire medarbeidarar til vikariat i ulike stillingsstorleikar. For dei rette kandidatane kan det på sikt vera moglegheit for fast tilsetjing.

Vi har fylgjande ledige stillingar:

  • 100% stilling - 1 års vikariat
  • 100% stilling - 1 års vikariat
  • 94% stilling - 1 års vikariat
  • 80% stilling, natt - 1 års vikariat
  • 75% stilling - 1 års vikariat
  • 50% stilling - 1 års vikariat
  • 100% pleiemearbeidar - 1 års vikariat

Med mulighet for fast tilsetjing.

Stillingane innehalder arbeid i turnus, med dag, kveld, og helg. Nattevakter jobber vanligvis kun natt.

Arbeidsoppgåver

  • Pleie og omsorg til bebuarar
  • Bidra til å skapa tryggleik, trivsel og aktivitet
  • Samarbeid med kollegaer, pårørande og andre faggrupper
  • Dokumentasjon og oppfølging etter gjeldande rutinar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer søkjarar med:

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar, ufaglærte kan og søka.
  • Studentar innan helse- og sosialfag
  • Erfaring frå helse- og omsorgsarbeid er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg - B2

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi ser etter deg som

  • Er omsorgsfull og trygg i møte med mennesker
  • Er ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • Har gode samarbeidsevner
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Er fleksibel og ønskjer å utvikla deg fagleg

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Moderne og trivelege arbeidslokale
  • Faglege utfordringar
  • Opplæring og rettleiing
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Moglegheit for fast tilsetjing kan bli aktuelt

Oppstart

Etter avtale

Velkomen som søkjar – vi ser fram til å høyra frå deg!

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Link til søknadsskjema: Søk her

Flere stillinger hos Ullensvang Kommune Eide Helsetun

Lignende stillinger

Helsefagarbeider 90% stilling
Helse- og sosialetaten, Lurøy kommune

Lurøy kommune søker helsefagarbeider i 90% fast stilling ved Lovund omsorgssenter.

FastDeltidHelse og sosial
Frist 10.9.2026
Miljøterapeut
Emploi Medic As · NORDLAND

Emploi Medic AS søker miljøterapeut på heltid til oppdrag innen migrasjonshelse i Nordland.

EngasjementHeltidHelse og sosial