Saferoad Vik Ørsta søker operatør laser til fast heltidsstilling ved fabrikken i Ørsta.
Operatør sveis
Saferoad Vik Ørsta · Ørsta, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Saferoad Vik Ørsta søker en operatør sveis til sin lysmastfabrikk. Hovedoppgåver er manuell sveis og robotsveis, samt manuelt og automatisert mekanisk arbeid. Stillinga er fast på heltid, med skiftordning deler av året. Det er 1 stilling ledig, med arbeidssted i Ørsta, Møre og Romsdal. Relevant erfaring med sveising er en fordel, men ikke et krav – opplæring, kursing og mulighet for fagbrev tilbys.
Om arbeidsgiveren
Saferoad Vik Ørsta produserer lysmaster og er en del av norsk industrihistorie som snart har eksistert i 80 år.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 20. august 2026.
Om stillingen
Vil du vere med på å sikre tryggare vegar?
Saferoad Vik Ørsta ser etter ein motivert medarbeidar til vår moderne lysmastfabrikk, som vil vere med på det viktige arbeidet med å sikre tryggare vegar i Norge.
Ei lysmast er ikkje berre ei lysmast, men skal bidra til å redde liv i trafikken. Vi treng di hjelp til å nå visjonen om null drepte og hardt skadde i trafikken!
Hovudoppgåver vil vere:
- manuell sveis og robotsveis
- manuelt og automatisert mekanisk arbeid
Stillinga inngår i skiftordning delar av året.
Vi ser etter deg som:
- har interesse for mekanisk arbeid og sveis
- har sans for orden og system
- kan bidra til godt samarbeid i avdelinga og vere fleksibel for å jobbe i andre avdelingar
- har gode haldningar og lyst til å lære
Du må gjerne ha relevant erfaring frå sveising eller liknande, men dette er ikkje eit krav. Vi gir nødvendig opplæring og kursing og du vil få muligheit til å ta fagbrev.
Slik søkjer du:
Send søknad, CV og vedlegg via lenka på denne sida. Har du spørsmål om opplasting av dokument? Kontakt Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20.
Spørsmål om denne spennande stillinga? Kontakt oss:
Arbeidsleiar Torbjørn Follestad, tlf. 909 07 329
Flytte til Ørsta?
Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Ørsta staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Ørsta ligg sentralt til på Sunnmøre, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren.
I tillegg er regionen kjend for sitt sterke næringsliv, med moglegheit for personleg og profesjonell utvikling. Med lokal flyplass er vegen kort til resten av verda.
Ørsta og Sunnmøre er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din?
Stolte av produkta våre spør du?
- Eg er litt stolt av at vi lagar dette her. Og det trur eg borna mine også er.
Gode Kjell! Og Katrin. Og Egil Johan. Og Leifen. Og alle andre fine folk i Saferoad Vik Ørsta!
Snart 80 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet. Klart det er lov å vere stolt. Vi går for 80 år til. Minst!
Video: Nanseth Media
Video: https://youtu.be/TbWMxh1wli4?si=sjCZSNQhfxZTVaea
Flere stillinger hos Saferoad Vik Ørsta
Lignende stillinger
Elsmark Mur & Puss søker 3 murere/hjelpearbeidere i Akershus, fast heltidsstilling.
Midt-Telemark Bygg søker en tømrer i Telemark til fast heltidsstilling.
Equient AS i Oslo søker 6 flisleggere til fast heltidsstilling.
R.S Stål & Montasje i Trøndelag søker maler for stålkonstruksjoner, fast heltidsstilling.
Stange Garasjen As søker snekker(e) til vikariat på heltid i Innlandet.
Equient AS søker 6 murere/fasademurere til faste heltidsstillinger i Akershus.