Helse Bergen, Klinikk for sikkerhetspsykiatri, søker 2 assistenter i faste 20 %-helgestillinger i Bergen.
Klinikkleiar
Divisjon Psykisk Helsevern/ Klinikk Sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF · Bergen, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Helse Bergen søker ein klinikkleiar til Klinikk sikkerheitspsykiatri i Divisjon psykisk helsevern. Det er ei fast stilling på heltid (100 %), med 1 stilling ledig. Arbeidsstaden er Sandvikenområdet i Bergen kommune.
Som klinikkleiar får du heilskapleg ansvar for strategisk leiing og vidareutvikling av klinikken, fagleg kvalitet og gode pasientforløp i eit høgrisikofelt, samt personalansvar, rekruttering og kompetansebygging. Du skal også sikre samhandling med politi, kriminalomsorg og kommunar, leie endringsarbeid og ha økonomi- og resultatstyring.
Klinikken omfattar Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri, Lokal sikkerheit rehabiliteringsavdeling, Lokal sikkerheitspost, Regional sikkerheitspost, Seksjon for fengselshelseteneste og Sikkerheitspoliklinikken.
Det blir stilt krav om høgare utdanning på masternivå eller embetsstudium, leiingserfaring frå større einingar (helst i spesialisthelsetenesta), innsikt i lovverk, beredskap og risikohandtering og dokumenterte resultat frå endringsarbeid. Erfaring frå sikkerheitspsykiatri eller akuttpsykiatri er ønskeleg. Løn er etter avtale.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen HF er eit helseforetak i spesialisthelsetenesta, og stillinga ligg under Haukeland universitetssjukehus. Divisjon psykisk helsevern har utviklingsprogrammet «Psykisk helsevern for framtida», med ein plan der Sandvikenområdet skal utviklast som eit spesialisert område med vekt på langtidsrehabilitering, styrka sikkerheitspsykiatri og døgnplassar for pasientar med komplekse behov. Stillinga gir moglegheit til å påverke sikkerheitspsykiatrien regionalt og nasjonalt.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 20.11.2026. Søkarar oppfordrast til å bruke Vitnemålsportalen for verifiserte vitnemål og karakterutskrifter. Utdanning frå utlandet må leggast ved med godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Annonsetekst
Vil du vere med å utvikle sikkerheitspsykiatri og framtidas psykiske helsevern på Sandvikenområdet? Vi søker ein leiar som evnar å kombinere strategisk utvikling med god drift, og som motiverast av å skape resultat gjennom sterke fagmiljø, forsking, utdanning, samarbeid og kontinuerleg forbetring. Haukeland universitetssjukehus er i kontinuerleg utvikling. Organisering, ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan derfor bli justerte i takt med framtidige behov og prioriteringar. Divisjon psykisk helsevern har eit eige utviklingsprogram, "Psykisk helsevern for framtida". I dette programmet er det vedteke ein eigen utviklingsplan for Sandvikenområdet, der eit av hovedmåla er å utvikle Sandvikenområdet som eit spesialisert område, med vekt på langtidsrehabilitering, styrka sikkerheitspsykiatri og døgnplassar for pasientar med komplekse og samansette behov. Klinikken omfattar følgande einingar:
- Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri
- Lokal sikkerheit rehabiliteringsavdeling (LSR)
- Lokal sikkerheitspost (LS)
- Regional sikkerheitspost (RS)
- Seksjon for fengselshelseteneste
- Sikkerheitspoliklinikken
Arbeidsoppgåver
Som klinikkleiar vil du ha heilskapleg ansvar for:
- Strategisk leiing og vidareutvikling av klinikken i tråd med nasjonale føringar, regional plan og divisjonen si retning
- Å sikre fagleg kvalitet, gode pasientforløp og forsvarlege tenester innan eit høgrisikofelt
- Personalansvar, rekruttering og kompetansebygging i alle einingar
- God intern og ekstern samhandling, særleg med politi, kriminalomsorg, kommunar og andre klinikkar
- Å etablere og halde ved lag god informasjonsflyt, føreseielege prosessar og tydelege prioriteringar
- Endringsleiing, inkludert å strukturere, forankre og følge opp naudsynte utviklingsprosessar
- Økonomi- og resultatstyring
Kvalifikasjonar
Vi søker ein leiar med tydeleg fagleg integritet og strategisk forståing. Du bør ha: Krav:
- Høgare relevant utdanning på masternivå eller embetsstudium
- Leiingserfaring frå større einingar, helst innan spesialisthelsetenesta
- God innsikt i lovverk, beredskap og risikohandtering
- Dokumenterte resultat frå endringsarbeid og strategisk utvikling
- God rolleforståing og erfaring med samarbeid i komplekse organisasjonar
Ønskeleg:
- Erfaring frå sikkerheitspsykiatri, akuttpsykiatri eller anna relevant høgrisikoverksemd
- Kjennskap til samhandling mellom helse, kriminalomsorg, politi og rettsvesen
- Erfaring frå arbeid med faglege kvalitets- og styringssystem
Personlege eigenskapar
Vi søker ein leiar som:
- Evnar å sjå heilskap og samanhengar i ein kompleks organisasjon
- Er trygg i strategiske val og prioriteringar
- Har stor gjennomføringsevne og skaper resultat gjennom andre
- Bygger tillit og gode relasjonar internt og eksternt
- Kommuniserer tydeleg og samlande
- Motiverer, støttar og utviklar leiarar og medarbeidarar
- Er utviklingsorientert og framtidsretta
- Kombinerer høge ambisjonar med god rolleforståing og samarbeidsevne
Vi legg særleg vekt på at du:
- Er ein synleg, trygg og samlande leiar
- Har høg integritet og gode samarbeidsevne
- Handterer komplekse problemstillingar på ein konstruktiv måte
- Evnar å balansere langsiktig utvikling med krav til dagleg drift
- Skaper engasjement, retning og felles målforståing
- Er robust og kan ta avgjerder i krevande situasjonar
Vi tilbyr
- Ei sentral leiarstilling i eit høgt spesialisert fagfelt med stort samfunnsoppdrag
- Eit engasjert og kompetent fagmiljø
- Moglegheit til å påverke i arbeidet med å forme framtidas tenester innan psykisk helsevern
- Moglegheit til å påverke utviklinga av sikkerheitspsykiatrien regionalt og nasjonalt
- Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Løn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Randi-Luise Møgster, Direktør Divisjon psykisk helsevern, 91342978
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1 5036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5206240274 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.11.2026
Flere stillinger hos Divisjon Psykisk Helsevern/ Klinikk Sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
API og MCPGET /company/974557738/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/974557738/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 2,
"hits": [
{
"uuid": "14985c65-025b-4405-97ad-fff7e91d306d",
"title": "Klinikkleiar",
"municipal": "BERGEN",
"application_due": "2026-11-20 00:00:00+00",
…
},
{
"uuid": "2ac175ea-3f5b-44ce-b97f-e6d8a34dd1a9",
"title": "Assistentstilling ved Regional sikkerheitsavdeling",
"municipal": "BERGEN",
"application_due": "2026-11-17 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "974557738" })Spør AI-assistenten
Hva er søknadsfristen for «Klinikkleiar» hos Helse Bergen HF Psykiatrisk Divisjon Klinikk For Sikkerhetspsykiatri?
Ansetter Helse Bergen HF Psykiatrisk Divisjon Klinikk For Sikkerhetspsykiatri flere i Bergen nå?
Hvilke typer roller ansetter Helse Bergen HF Psykiatrisk Divisjon Klinikk For Sikkerhetspsykiatri i akkurat nå?
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker 1 helsefagarbeider med ALS-erfaring til nattvikariat på heltid i Vestland, fra 1. desember 2026.
Dignus Medical søker fastlegevikar på heltid til et legekontor på Vestlandet, 04.01.27–26.02.27, med reise og bolig inkludert.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til Anestesiafdeling 2, fast heltidsstilling i Aalborg.
Nordlys Vikar søker én lege til vikariat i voksenpsykiatrisk poliklinikk i Nordland, heltid 11.11.–31.12.2026.
Konstali Helsenor søker 4 helsefagarbeidere til heltids vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, 1. des 2026 til 1. mars 2027.