Hopp til innhold
Nytt: sokfirma i Claude og ChatGPT – salgslister, soliditet, konsern og mer.Les mer →

Miljøterapeut/vernepleiar

Høyanger Kommune Høyanger Skule/sfo · Høyanger, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Høyanger Kommune Høyanger Skule/sfo.

AI-sammendrag

Om stillingen

Høyanger skule lyser ut 1 fast 100 % stilling som miljøterapeut/vernepleiar, med oppstart snarast. Dette er andre gongs utlysing. Stillinga er i hovudsak øyremerkt ein elev med nedsett eller ingen høyrsel, samt andre elevretta tiltak for elevar med særskilde behov. Arbeidstida følgjer ikkje skuleruta. Arbeidsstad er Høyanger i Vestland.

Hovedoppgåver inkluderer støtte i og utanfor undervisningssituasjonen, samarbeid om skulemiljø, kartleggingar og trivselstiltak, samt samarbeid med lærarar, PPT og helse. Det vert gjeve naudsynt opplæring, til dømes i teiknspråk og teikn til tale.

Kvalifiserte søkjarar har høgare utdanning innan t.d. spesialpedagogikk, sosialpedagogikk, barnevernspedagogikk, vernepleie eller sosionom. Erfaring frå arbeid med barn med høyrsleutfordringar er ønskjeleg.

Om arbeidsgivaren

Høyanger skule er ein offentleg grunnskule i Høyanger kommune med 66 tilsette, organisert som underenhet til offentleg forvaltning. Skulen tilbyr ordinær grunnskuleundervisning og er ein del av ein kommune med veksande aktivitet knytt til grønt skifte og sirkulærøkonomi.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 31. juli 2026.

Om stillingen

2. gongs utlysing

Høyanger skule har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut/vernepleiar frå snarast. Stillinga er i hovudsak øyremerkt elev med nedsett eller ingen høyrsle, og andre elevretta tiltak for andre enkeltelevar med særskilde behov.

Arbeidstida følgjer ikkje skuleåret.

Arbeidsoppgåver:

• Støtte i og utanfor undervisningssituasjonen • Samarbeid med annan miljøterapeut om skulemiljø, kartleggingar, trivselstiltak m.m • Samarbeid med lærarar/team og skulen sine samarbeidspartar (PPT, helse)

Kvalifikasjonar:

• Høgare utdanning frå høgskule/universitet innan relevante fagområde, t.d pedagog (sosial-, barneverns- eller spesialpedagog), vernepleiar, sosionom. Helsefagleg høgskulebakgrunn retta mot arbeid med barn og unge er også ønskjeleg. • Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring frå arbeid med barn med høyrsleutfordringar. Det vil bli gitt naudsynt opplæring, t.d i teiknspråk og/eller teikn til tale

Personlege eigenskapar som blir tillagt stor vekt:

• Gode kommunikasjonsevner • Evne til å skape gode relasjonar • Sjølvstendig og trygg • Engasjert og utadvendt • Fleksibel og samarbeidsvillig • Systematisk og ryddig

Vi tilbyr:

• Eit triveleg personale, som legg vekt på sosiale møtepunkt • Høve til kompetanseutvikling • Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse” • Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ • Lønn etter gjeldande tariffavtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Hjelp til å skaffe kommunal bustad

Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett.

Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.

Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.

Kvifor Høyanger?

• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi • Eit rikt lag- og organisasjonsliv • Fokus på samskaping og samarbeid • Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.

Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Erik Veum på tlf. 97073335 og høyr erfaringane hans.

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

For spørsmål om stillinga, kontakt avdelingsleiar Gry Sissel Sagen på telefon 91595904 eller påtroppande rektor Siv Anita Gudvangen på telefon 95790997.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

Link til søknadsskjema: Søk her

Lignende stillinger

Sykepleier til sykehjem i Finnmark
Konstali Helsenor AS · FINNMARK

Konstali Helsenor søker sykepleier i heltidsvikariat ved sykehjem i Finnmark, fra 9. november 2026 til 17. januar 2027.

VikariatHeltidHelse og sosial
Helsefagarbeider til sykehjem i Møre og Romsdal
Konstali Helsenor AS · MØRE OG ROMSDAL

Konstali Helsenor søker helsefagarbeider i 100 % vikariat ved sykehjem i Møre og Romsdal, **9. nov 2026** til **3. jan 2027**.

VikariatHeltidHelse og sosial