Konstali Helsenor søker 1 helsefagarbeider med ALS-erfaring til nattvikariat på heltid i Vestland, fra 1. desember 2026.
Førde heimeteneste, eining 2 har ledig helsefagarbeidarstillingar
Sunnfjord Kommune Førde Heimeteneste, Eining 2 · Sunnfjord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Førde heimeteneste, eining 2 lyser ut 2 helsefagarbeidarstillingar i Sunnfjord kommune. Den eine er ei 100 % fast stilling med oppstart 01.09.2026, den andre ei 100 % mellombels stilling i perioden 10.09.2026–05.05.2027. Begge stillingane inneber todelt turnus med arbeid i helger. Arbeidsstad er Prestebøen 8 i Førde.
Krav til søkar er norsk autorisasjon som helsefagarbeidar, gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, og førarkort klasse B. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar som sjølvstende, samarbeidsevner og positiv haldning til arbeidsmiljøet.
Om arbeidsgivaren
Eininga er ein av seks heimetenester i Sunnfjord kommune og høyrer til bransjen for sjukepleietenester og andre helsetenester i heimen. Med 90 tilsette er dette ei middels stor kommunal eining med om lag 40 årsverk. Verksemda yter heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi, og har eit særleg fokus på implementering av velferdsteknologi, kreftomsorg, lindrande behandling og demensomsorg.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 23. august 2026. Søknad må sendast elektronisk og innehalde referansar. Politiattest må leverast før oppstart.
Annonsetekst
Førde heimeteneste eining 2, har base på Prestebøen 8 i Førde, og er ei av totalt seks heimetenester i Sunnfjord kommune. Vi yter tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til heimebuande. Eininga har om lag 40 årsverk. Heimetenesta har fokus på implementering av velferdsteknologi. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg. Vi ønsker å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre! Vi ønsker å finne dyktige tilsette som vil vere med på dette. Er det deg?
Helsefagarbeidarar 100 % stilling
- 100 % fast stilling for helsefagarbeidar frå 01.09.2026
- 100 % mellombels stilling for helsefagarbeidar i perioden 10.09.2026 - 05.05.2027.
Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag i todelt turnus med arbeid på laurdag og søndag.
Krav til søkar:
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- må kunne beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
- førarkort klasse B
Vi ynskjer at du:
- har stor arbeidskapasitet
- bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
- har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
- er trygg på å jobbe sjølvstendig
- har gode samarbeidsevner og bidrar til godt teamarbeid
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kva kan vi tilby?
- engasjerte kollegaer og leiarar som vil utvikle Førde heimeteneste vidare
- eit inkluderande arbeidsmiljø
- pasientnært fokus med varierte arbeidsdagar
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Du må søke elektronisk og søknaden må innehalde referansar. Politiattest må leverast før start i stilling.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Dignus Medical søker fastlegevikar på heltid til et legekontor på Vestlandet, 04.01.27–26.02.27, med reise og bolig inkludert.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til Anestesiafdeling 2, fast heltidsstilling i Aalborg.
Nordlys Vikar søker én lege til vikariat i voksenpsykiatrisk poliklinikk i Nordland, heltid 11.11.–31.12.2026.
Konstali Helsenor søker 4 helsefagarbeidere til heltids vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, 1. des 2026 til 1. mars 2027.