Hopp til innhold
Følg sokfirma.no på LinkedIn.Følg oss

Faste helgestillingar

Bu- Og Miljøtenesta, Stad Kommune · Stad, Vestland

FastDeltid16 stillingerOffentligHelse og sosialFrist 16.8.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Bu- og miljøtenesta i Stad kommune lyser ut 16 faste deltidsstillingar for helgearbeid, med stillingsprosent på 15–24 %. Stillingane er knytte til avdelingane Elvebøen, Barneavlasting og Myroldhaug psykisk helse og rus, alle lokaliserte i Stad kommune i Vestland. Arbeidsoppgåvene omfattar omsorg og behandling, kartlegging og vurdering av behov, samt oppfølging og dokumentasjon av tenesteyting i tråd med lovverk og kommunale retningslinjer. Søkjarar med helsefagleg utdanning vert særleg oppmoda om å søkje, men også studentar og elevar innan helse-, sjukepleie- eller vernepleiefag er velkomne. Det tilbys mellom anna stipendordning for sjukepleie- og vernepleiestudentar.

Om arbeidsgivaren

Stad kommune Bu og Miljø Myroldhaug PHR er ei undereining av Stad kommune og opererer innanfor bransjen omsorgstjenester i botilbod for personar med psykiske helseproblemer og/eller rusmiddelproblemer. Eininga har 34 tilsette og held til i Stad kommune. Som ein del av kommunal forvalting er verksemda ein stabil arbeidsgjevar med tariffesta løns- og arbeidsvilkår, gode pensjons- og forsikringsordningar og eit tverrfagleg arbeidsmiljø.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 16. august 2026. Attestar og vitnemål skal lastast opp saman med søknaden, og politiattest må leggjast fram før oppstart.

Om stillingen

Vi søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til fleire faste helgestillingar i 15 - 24 % på avdelingane Elvebøen, Barneavlasting og Myroldhaug psykisk helse og rus.

Hos oss får du høve til å gjere ein forskjell der det verkeleg betyr noko – enten du allereie er fagutdanna eller brenn for å arbeide med menneske.

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføring av faglege oppgåver, omsorg og behandling
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer

Kvalifikasjonar

Vi ser særleg etter deg som:

  • Har helsefagleg utdanning
  • Er elev eller student innan helse-, sjukepleie- eller vernepleiefag
  • Har interesse for faget eller vurderer ei utdanning innan sektoren
  • Gode kommunikasjonsevner, høfleg og interessert
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Du må vere over 18 år

Personlege eigenskapar

  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Moglegheit for stipendordning for sjukepleie- og vernepleiestudentar
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Dersom du ønskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar, så vil vi forsøke å legge til rette for det

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Kontaktinformasjon

Camilla Andersen, Avdelingsleiar Elvebøen, 45877417, Synnøve Marie Nyberg, Avdelingsleiar Myroldhaug PHR, 99303014, [email protected] Stine Takle Piel, Avdelingsleiar barnebustad, 41457801, [email protected] Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146, [email protected]

Arbeidsstad

Myroldhaugvegen 43 6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5143339548 Stillingsprosent: 24, 15% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026

Søk på jobben
Søk senest 16.8.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Dental Hygienists – Build Your Future in Denmark
Plant Supervision Denmark ApS

Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.

FastHeltid10 stillingerHelse og sosial
Frist 2.9.2026