Hopp til innhold
Næringslivsrapport for august 2026.Les rapporten

Kreftkoordinator

Klinikk For Hovud/hals/ Ønh Poliklinikk, Helse Bergen HF · Bergen, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosial

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Bergen HF søker kreft- og forløpskoordinator til ØNH poliklinikk i fast, 100% stilling. Rollen har ansvar for å koordinere og følge opp pasientforløp innan øyre-nase-hals-kreft, sikre framdrift i utgreiing og behandling, og legge til rette for samarbeid mellom ØNH-legar, onkologar, patologar og anna helsepersonell. Arbeidsoppgåvene omfattar organisering av tverrfaglege MDT-møte, oppfølging av fristar i pasientforløpet, poliklinisk pasientretta arbeid, samt bidrag til forsking og utviklingsarbeid ved avdelinga. Det krevst norsk autorisasjon som sjukepleiar, vidareutdanning/master i onkologisk sjukepleie, og erfaring frå ØNH-faget både på sengepost og poliklinikk. Arbeidsstad er Bergen.

Om arbeidsgjevaren

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus er ei underavdeling innan somatiske sjukehustenester, med 9461 tilsette. Dette er ein stor offentleg helseinstitusjon som gir stillinga tilgang til eit breitt fagmiljø og forskingsmiljø innan kreftbehandling.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 13.09.2026.

Om stillingen

Stillingas formål ØNH poliklinikk søker kreft- og forløpskoordinator til 100% fast stilling.

Vi ønsker ein medarbeidar som kan gjere ein vanskeleg tid lettare for våre pasientar og deira pårørande. Forløpskoordinator har ansvar for å koordinere og følge opp pasientforløp innan øyre-nase-hals kreft.

Stillinga skal bidra til samanhengande, effektive og føreseielege pasientforløp gjennom tett samarbeid med pasientar, pårørande og ulike faggrupper. Samt koordinere og bidra til forsking.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre fremdrift og kontinuitet i pasientforløpa
  • Ha oversikt over undersøkingar, utgreiing, behandling og vidare oppfølging
  • Koordinere samarbeid mellom ulike faggrupper og avdelingar
  • Ha tett samarbeid med ØNH lege, onkologar, patologar og øvrig helsepersonell
  • Organisere og koordinere tverrfaglege møte. Etterarbeid etter MDT-møte
  • Koordinere pasientar vidare til kirurgisk, stråle og medikamentell behandling eller annan relevant oppfølging
  • Følge opp fristar og avklare eventuelle forseinkingar eller hindring i pasientforløpet
  • Samarbeide med andre helseføretak og andre eksterne ved behov
  • Bidra i forsking og utviklingsarbeid ved avdelinga
  • Poliklinisk pasientretta arbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning/master i onkologisk sjukepleie
  • Relevant erfaring frå Øyre- nase- hals faget både sengepost og poliklinikk
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid og koordinering
  • God kjennskap til kirurgisk, stråle og annan kreftbehandling
  • Gode digitale ferdigheiter og erfaring med elektroniske journalsystem
  • Erfaring med forsking
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Stillinga krev at man er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert. Det er viktig å kunne handtere komplekse og tidvis uføreseieleg pasientforløp samtidig som man ivaretar god kommunikasjon og samarbeid
  • Det blir forventa at man som koordinator arbeider systematisk, tar initiativ og evner å se heiskapen i pasientforløpet
  • Gode Samarbeidsevne, tydeleg kommunikasjon og evne til å skape framdrift er sentrale eigenskapar

Vi tilbyr

  • 100% stilling måndag til fredag
  • Moglegheit til å vere involvert i forsking
  • Ein meningsgfylt arbeidskvardag
  • Eit godt arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Marius Astvedt Pallesen, Seksjonsleiar, 55970934

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22 5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5173677681 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.09.2026

Flere stillinger hos Klinikk For Hovud/hals/ Ønh Poliklinikk, Helse Bergen HF

Lignende stillinger

Tilkallingsvikarer
Miljøarbeidertjenesten, Bamble kommune
AnnetDeltid5 stillingerHelse og sosial
Frist 27.9.2026
Helsefagarbeider til oppdrag i Nordland
Konstali Helsenor As · NORDLAND

Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat i Nordland, heltid ut oktober 2026.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial