Lykta i Bodø søker 5 spesialiserte fosterhjem i Nordland, heltid.
Pedagogisk leiar
Vestnes Kommune Tomrefjord Barnehage · Vestnes, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Vestnes kommune søker ein pedagogisk leiar til Tomrefjord barnehage i 100 % fast stilling. Stillinga er ledig frå 1. desember 2026. Ansvarsområda omfattar daglig drift og pedagogisk tilbod ved avdelinga, planlegging og gjennomføring av pedagogisk arbeid, rettleiing av personale, foreldresamarbeid og deltaking i barnehagens leiargruppe. Ved intern omrokkering kan det også bli ledig ei 100 % fast stilling som barnehagelærar. Krav til søkjar er bachelor i barnehagelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk høgskuleutdanning, samt norskkunnskapar minimum på nivå B2. Arbeidsstad er Vestnes kommune i Møre og Romsdal.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er utlyst av Vestnes kommune, ved Tomrefjord barnehage, innanfor yrkeskategorien utdanning. Som kommunal arbeidsgjevar tilbyr verksemda løn etter gjeldande tariffavtale, pensjons- og forsikringsordningar, og eit pedagogleiartillegg på 40 000 kroner per år. Kommunen omtaler seg som ei IA-verksemd med fokus på nærværsarbeid.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 25. september 2026. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju, og attestar og vitnemål må takast med. Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Om stillingen
Stillingstype Det er ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar ved Tomrefjord barnehage. Stillinga er ledig frå 01.12.2026. Ved intern omrokkering kan det bli ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar.
Arbeidsoppgåver - ansvar for den daglege drifta og det pedagogiske tilbodet ved avdelinga - ansvar for planlegging, gjennomføring, vurdering og pedagogisk dokumentasjon - ansvar for dagleg leiing, rettleiing, rådgjeving av øvrig personale på avdelinga - ansvar for introduksjon av nytt personal i avdelinga - foreldresamarbeid - inngår i leiargruppa til einingsleiar ved barnehagen - i samråd med einingsleiar planlegge og gjennomføre møte og studiedagar - ansvar for å utarbeide og gjennomføre årsplan i samråd med einingsleiar - ansvar for at mål og visjonar for drifta av barnehagen vert fylgd - ansvar for at barnehagen fylgjer gjeldande avtalar, lovverk og vedtekter
Kvalifikasjonar - bachelor barnehagelærar - anna pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk - ønskjeleg med erfaring som pedagogisk leiar - gode datakunnskapar - beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2 - ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar - er aktiv, engasjert og opptatt av faget - har evne til å motivere, engasjere og rettleie det øvrige personale - har godt humør, evne og vilje til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling - er løysningsorientert - er fleksibel - har evne til å sjå og anerkjenne barn - er eit godt språkleg førebilde - bidreg til god dialog med barn, føresette, tilsette og er ein positiv rollemodell - har gode samarbeidsevner og vil bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø - kan jobbe i team, men og sjølvstendig - har gode leiareigenskapar
Vi tilbyr - godt arbeidsmiljø og gode kollegaer - ein barnehagesektor med fokus på utvikling - løn i høve gjeldande avtaleverk - kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid - pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale - pedleiartilegg på 40 000 kr per år
Tilsettingsvilkår Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar Oppgi referansar
Søknad Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.