Lærarvikariat 100 %
Austevoll Kommune · Austevoll, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Storebø skule søkjer etter ein lærar til eit 100 % vikariat frå 01.11.26 til 31.07.27. Stillinga omfattar undervisning, moglegheit for kontaktlæraransvar, og deltaking i teamarbeid og skulen sine utviklingsoppgåver. Krav er godkjent lærarutdanning for 1.-7. trinn, gode klasseleiingsevner og god IKT-kompetanse. Arbeidsstaden er Storebø skule, den største barneskulen i Austevoll kommune med rundt 310 elevar og 60 tilsette, sentralt plassert med kort veg til ferje.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Austevoll kommune sitt kommunalområde Oppvekst, ei eining med om lag 145 tilsette. Den registrerte eininga, Austevoll kommune barnevern, er ei underining til kommunen med 5 tilsette og høyrer til barneverntenester, men stillinga sjølv er organisert under skule- og oppvekstsektoren i kommunen. Kommunen tilbyr rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr i året og kontaktlærartillegg på 32 000 kr i året, i tillegg til pensjons- og forsikringsordningar.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 20.09.26.
Om stillingen
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, derfor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 310 elevar og 60 tilsette. Skulen er plassert på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling.
Om stillinga
Storebø skule har ledig vikariat som lærar i 100 % frå 01.11.26 - 31.07.27.
Vi søker etter ein positiv lærar som er klar til å bidra med utvikling til beste for elevar, kollegaer og seg sjølve!
Storebø skule ligg sentralt på Storebø med kort veg til ferje.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Undervisning
- Kontaktlæraransvar kan vere aktuelt
- Delta i utviklingsoppgåver som skulen har
- Arbeida i team
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
- Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.-7. trinn
- Kunnskapar om og evner til god klasseleiing
- Internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- At du er strukturert, sjølvstendig og fleksibel
- God IKT- kompetanse
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, kontaktlærartillegget er kr 32 000 kr pr år.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Lignende stillinger
Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer i realfag, 25 % deltidsstilling fra september 2026.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.