Tilkallingsvikar i helse og omsorg
Volda Kommune · Volda, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Volda kommune søker 20 tilkallingsvikarar til sektor helse og omsorg. Stillingane er vikariat på deltid (stillingsprosent fra 14 %) og er aktuelle for sjukepleiarar, vernepleiarar, fagarbeidarar, miljøterapeutar, assistentar og personar med sosialfagleg kompetanse. Behovet gjeld fleire avdelingar: institusjon (Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter), heimetenester, rus og psykisk helseteneste, samt bu og habilitering. Inntak skjer fortløpande ved dei seksjonane som til ein kvar tid har behov. Arbeidsstad er i Volda, Møre og Romsdal.
Om arbeidsgiveren
Volda kommune Heimetenesta er ei offentleg underenhet med 96 tilsette, og driv innan bransjen sykepleietjenester og andre helsetjenester i hjemmet. Som kommunal aktør leverer eininga helse- og omsorgstenester til innbyggjarane i Volda, og representerer ein stabil og samfunnskritisk arbeidsplass i Sunnmørsregionen.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 30.09.2026. Oppgi referansar og eventuelt ønskt avdeling i søknaden. Politiattest og eigenerklæring for tuberkulose krevst før oppstart.
Om stillingen
Sektor helse og omsorg tilbyr innbyggjarane i Volda kommune ulike tenester. Vi har i perioder behov for nye tilkallingsvikarar. Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar, vernepleiarar, assistentar, miljøterapeutar og personar med sosialfagleg kompetanse. Vi har behov for motiverte og dyktige personar som liker å arbeide med menneske.
Inntak av nye vikarar vert gjort fortløpande ved dei seksjonane som har behov. Ver venleg å oppgi namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. Skriv gjerne også kva felt/ avdeling du er mest interessert i. Erfaring, kompetanse, referansar og personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.
Dei ulike avdelingane som kan ha behov for vikarar:
- Institusjon (Volda omsorgssenter og Hornindal omsorgssenter)
- Heimetenester (Heimesjukepleie og døgnbemanna omsorgsbustadar)
- Rus og psykisk helseteneste
- Bu og habilitering
Arbeidsoppgåver
Arbeidet består i helse- og omsorgsoppgaver til innbyggjarar i Volda kommune. Det vil vere ulike stillingsinstruksar ut frå kva avdeling og fagområde det gjeld.
Kvalifikasjonar
- Du må være over 18 år gammel.
- Du må kunne norsk språk meget godt både munnleg og skriftleg.
- Du må ha vanleg datakunnskap
- Du må ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid
- Det er ein fordel med erfaring fra tilsvarende arbeid, men det er ikkje eit krav
- Faglærte, samt studentar innan relevante fagområder innan helse og sosialfag blir prioritert.
- I nokre seksjonar er det behov for førerkort klasse B for manuell gir. Ver venleg å oppgi dette i søknaden.
- Du må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest og eigenerklæring for tuberkulose før oppstart i arbeid. For arbeid ved sjukeheim må ein også levere eigenerklæring for mrsa.
Personlege eigenskapar
- Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
- Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
- Liker utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
- Tar initiativ og ansvar
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Er strukturert og presis når det gjeld arbeidstid
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariff
- Sjølvstendig og variert arbeid
- Tilgang på elæringskurs frå Visma og NHI
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Elsebeth Melle, Avdelingsleiar heimeteneste, 91130521, Elsebeth.melle@volda.kommune.no Malene Rovde, Avdelingsleiar Rus og psykiatri, 99011980, malene.rovde@volda.kommune.no Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@vooda.kommune.no Elin Høydal Vatne, Avdelingsleiar Forvalting, 91 55 59 70, elin.hoydal.vatne@volda.kommune.no Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar Bu og habilitering, reidun.elisabeth.sandnes@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 2 6102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommune Referansenr.: 5151478339 Stillingsprosent: 14% Vikar Søknadsfrist: 30.09.2026
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker sykepleier i heltidsvikariat ved sykehjem i Finnmark, fra 9. november 2026 til 17. januar 2027.
Konstali Helsenor, vikarbyrå med 371 ansatte, søker 3 helsefagarbeidere i Lofoten, heltid vikariat med oppstart 20. november.
Konstali Helsenor, vikarbyrå med 371 ansatte, søker 3 sykepleiere til heltidsvikariat i Lofoten.
Hålogaland Helse og Omsorg søker inntil 6 miljøterapeuter/miljøarbeidere på heltid, fast, i medleverturnus i Troms og Nordland.
Inpo, et lite hjelpemiddelfirma med 16 ansatte, søker fagkonsulent til fast heltidsstilling i Buskerud, Østfold, Vestfold og Telemark.