Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.
Fysioterapeut
Sogndal Kommune Fysio-, Ergoterapi Og Friskliv · Sogndal, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Sogndal kommune lyser ut eit 100 % vikariat som fysioterapeut ved tenesteeining for fysio-, ergoterapi og frisklivssentralen. Vikariatet varer frå 1. august 2026 til 20. april 2027, med arbeidsstad i Sogndal, Vestland. Hovudoppgåvene er leiing av gruppetimar (i sal og basseng), sjølvstendig behandling og rehabilitering av vaksne og eldre – på helsesenteret, heime og i institusjon – samt oppgåver knytt til frisklivssentralen. Det krevst offentleg godkjend fysioterapeut, gyldig politiattest og førarkort klasse B.
Om arbeidsgivaren
Stillinga er tilknytt Ergo- og fysioterapitenesta i Sogndal, ein undereigedom til offentleg forvalting som driv fysioterapi- og ergoterapitenester i Sogndal kommune. Eininga er del av det kommunale hjelpeapparatet og samarbeider tverrfagleg med andre faggrupper i helse- og omsorgstenesta.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 2. august 2026.
Om stillingen
Det er ledig 100% vikariat som fysioterapeut frå 1.8.26-20.4.27 i Sogndal kommune ved tenesteeining fysio-, ergoterapi og frisklivssentralen.
Arbeidsoppgåver:
- I stillinga treng me nokon som er trygg på å leie gruppetimar, gjerne både i sal og basseng.
- Stillinga er også retta mot behandling og rehabilitering av vaksne og eldre personar på helsesenteret, heime og i institusjon.
- Helsesamtalar og andre oppgåver gjennom frisklivssentralen kan bli aktuelt.
- Arbeidsoppgåver kan bli endra ut ifrå endra behov i tenesta.
Sentrale ansvarsområde:
- Leiing av gruppetimar
- Sjølvstendig arbeid med pasientar og frisklivsdeltakarar.
- Samarbeid med kollega og andre faggrupper
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjent fysioterapeut.
- Godkjend politiattest
- Du må vere trygg på å leie gruppetimar.
- Erfaring frå kommunehelsetenesta, førebyggjande arbeid og pasientbehandling er ønskjeleg.
- Førarkort klasse B er eit krav, å kunne nytta eigen bil er ein fordel
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting
Personlege eigenskapar:
- God evne til sjølvstendig arbeid og tverrfagleg samarbeid
- Evne til å motivere og skape engasjement
- God rolleforståing og arbeidskapasitet
- Fleksibel og løysningsorientert
- Påliteleg og lojal
- Gjennomføringsevne
- Utviklingsorientert
- God kommunikasjonsevne
- Systematisk og strukturert
- Gode sosiale eigenskapar
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.
WorkNorway Group AS søker intensivsykepleiere til kortvarige vikariater ved intensivavdeling og akuttmottak i Troms fra august 2026.
Emploi Medic AS søker 4 miljøterapeuter på heltid til forsterket bo- og omsorgstilbud i Finnmark, engasjement med medleverturnus.
Emploi Medic søker 5 miljøterapeuter på heltid til medleverturnus ved asylsøkertilbud i Finnmark.
Roskilde Orto-Teknik ApS i Danmark søker 4 tanntekniker på heltid, fast ansettelse ved moderne ortodontisk laboratorium.