Lykta i Bodø søker 5 spesialiserte fosterhjem i Nordland, heltid.
Rektor / Einingsleiar
Sveio Kommune · Sveio, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Sveio kommune søker rektor/einingsleiar ved Vikse skule, ein barneskule med 82 elevar fordelt på 6 klassar frå 1.–7. trinn, om lag 14 km frå Haugesund sentrum. Stillinga er fast på heltid, med 1 ledig stilling. Rektor skal leie skulen fagleg, pedagogisk og organisatorisk, ha personalansvar for 19 medarbeidarar, delegert budsjett- og økonomiansvar, samt drive vidareutvikling i tråd med kommunens kvalitetsutviklingsplan. Sentrale satsingsområde ved skulen er to-lærarordning i norsk, matematikk og engelsk, tilpassa opplæring, lesing og valfag på mellomsteget. Godkjend pedagogisk utdanning, undervisningserfaring og relevant leiarerfaring er ønskt; søkjarar utan leiarutdanning må vere villige til å ta det. Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding. Arbeidsstad er Sveio kommune.
Om arbeidsgiveren
Vikse skule er ein underenhet til næringsdrivende og offentleg forvaltning, registrert med bransje ordinær grunnskoleundervisning. Verksemda har 20 tilsette og held til i Sveio kommune, som del av kommunens skuleleiargruppe med fleire skular.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 30. september 2026.
Om stillingen
Om stillinga
Sveio kommune lyser ut ei spennande stilling som rektor/einingsleiar ved Vikse skule.
Vikse skule ligg om lag 14 km frå Haugesund sentrum. Inneverande skuleår har skulen seks klassar på 1.–7. trinn, med til saman 82 elevar.
Som rektor ved Vikse skule får du leie ein barneskule i ein krins i utvikling, saman med 19 dyktige og motiverte medarbeidarar. Du blir ein del av skuleleiargruppa i kommunen og får ei sentral rolle i å drive og vidareutvikle skulen både fagleg, pedagogisk og organisatorisk.
Saman med dei andre skulane i Sveio arbeider Vikse skule i tråd med satsingsområda i kommunen sin kvalitetsutviklingsplan. Skulen har eit aktivt utviklingsarbeid med vekt på praktisk og variert opplæring, mellom anna gjennom bruk av uteområde og nærmiljø. To-lærar i norsk, matematikk og engelsk skal styrkje den tilpassa opplæringa og bidra til at flest mogleg elevar får eit inkluderande tilbod i klassen. Skulen satsar òg på lesing, varierte læremiddel og utprøving av valfag på mellomsteget for å fremje elevmedverknad og samarbeid på tvers av trinn.
Arbeidsoppgåver
- leie og vidareutvikle Vikse skule som ein trygg, inkluderande og lærande organisasjon
- vere skulen sin faglege og pedagogiske leiar, med elevane si læring, utvikling og trivsel i sentrum
- leie det pedagogiske utviklingsarbeidet i tråd med kommunen sin kvalitetsutviklingsplan og skulen sine prioriterte satsingar
- ha ansvar for personalleiing, kompetanseutvikling, arbeidsmiljø og samarbeid med tillitsvalde
- ha delegert ansvar for budsjett, økonomi og forsvarleg drift av eininga
- sikre godt samarbeid med elevar, føresette, tilsette, kommunen og relevante samarbeidspartnarar
- følgje opp arbeidet med eit trygt og godt skulemiljø, og sikre at skulen arbeider i tråd med gjeldande lovverk og regelverk
Kvalifikasjonar
- godkjend pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse
- undervisningserfaring frå skule
- relevant leiarerfaring, gjerne frå skule
- leiarutdanning er ønskjeleg. Søkjarar utan leiarutdanning må vere villige til å ta slik utdanning
- erfaring med, eller god forståing for, personalleiing, budsjett- og økonomiarbeid
- god kjennskap til skulen sitt samfunnsoppdrag og relevant lov- og regelverk
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
Vi søkjer rektor / einingsleiar som
- er ein tydeleg og trygg pedagogisk leiar som set elevane si læring, utvikling og trivsel i sentrum
- kan forvalte skulen sine ressursar slik at dei støttar god opplæring og eit inkluderande læringsmiljø
- er utviklingsorientert og nyttar forsking, erfaringskunnskap og kunnskap om eigen praksis i utviklingsarbeidet
- evnar å leie gode utviklingsprosessar og involvere elevar, medarbeidarar og føresette
- byggjer tillit, skaper engasjement og bidreg til ein felles kultur for læring og utviklingPersonleg eignaheit vil bli vektlagdAndre opplysningar:Godkjent politiattest må leggjast fram før ein tek til i stilling
Vi tilbyr
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- eit utviklingsorientert og støttande skulekontor
- gode støttefunksjonar innan økonomi og personal
- leiar- og rektorsamlingar med vekt på fagleg utvikling, leiarskap, erfaringsdeling og samarbeid
- eit godt rektorkollegium prega av profesjonalitet, samhald og openheit
- løn etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Lignende stillinger
Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer i realfag, 25 % deltidsstilling fra september 2026.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.