Jobs By Nordics AB søker 25 hotellunderholdere til sesongjobb på heltid på greske øyer og Kypros i 2027.
Kulturhusleiar
Gullbring Kulturhus, Kultur Og Fritid · Midt-Telemark, Telemark
Annonsetekst
Gullbring kulturhus i Bø er den kulturelle storstova i Midt-Telemark kommune og eit hus for folkehelse; ein sosial møteplass og arena for kunst- og kulturlivet, idretten, frivilligheita, skule, helse og utdanning. Vår kulturhusleiar begynner i ny jobb, - difor lyser vi ut stillinga.
Midt-Telemark kommunale eigedom AS eig huset og har ansvar for teknisk drift, reinhald og vedlikehald, medan Midt-Telemark kommune leiger heile kultur- og idrettsbygget med uteområde. Kommunen har organisert drifta av kulturhuset som ei avdeling i eining for kultur og fritid. Kulturhusleiar/avdelingsleiar rapporterer til kultursjef/einingsleiar, - og deltar i leiarteamet ved sidan av rektor for kulturskolen og bibliotekleiar.
Kulturhuset driv kafé/kiosk, idrettshall, svømmehall/folkebad, kino og arrangement. I tillegg leiger kulturhuset ut lokale til kulturskulen, andre kommunale tenester, frivillige lag og eksterne aktørar. Universitetet i Søraust-Noreg er den største leigetakaren. I 2028 opnar kommunen nytt folkebibliotek i kulturhuset.
Kulturhusleiar sitt team som består av fagansvarlege for kino, kafé, folkebad og idrett, arrangementsteknikar og vaktmeister. Gullbring kulturhus har i underkant av 10 årsverk fordelte på heil- og deltidssette og tilkallingsvikarar.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for avdelinga sine leveransar innan økonomistyring, personalleiing, HMS og internkontroll
- Ansvarleg for det samla programtilbodet og profilen til kulturhuset
- Inngår og følger opp leigeavtalar og kontraktar, og har ei viktig vertsskapsrolle overfor leigetakarar, artistar og publikum
- Overordna ansvar for planlegging, organisering og gjennomføring av den daglege drifta
- Prioriterer og følgjer opp tiltak i tett samarbeid med huseigar, basert på interesse og forståing for teknisk drift av kultur- og idrettsbygg
- Deltek i gjennomføring av arrangement og bidrar ofte i den daglege drifta
Kvalifikasjonar
Ønska kvalifikasjonar
- Søkjar har relevant utdanning på minimum bachelornivå innanfor fag som leiing, økonomi, kultur og samfunn
- Søkjar har kunnskap om kultur, folkehelse, idrett og frivilligheit
Ønska kompetanse
- Søkjar har erfaring ifrå drift av kulturhus basert på omfattande sambruk, eller ifrå tilsvarande verksemd
- Søkjar har erfaring med og dokumenterte resultat ifrå leiing, økonomistyring, internkontroll og teamarbeid i offentleg sektor
- Søkjar har erfaring ifrå offentleg forvaltning og kommunal saksbehandling
Personlege eigenskapar
- Strategisk og handlekraftig med evne til å sjå heilheit og samanhengar
- Strukturert og løysingsorientert med vilje til endring og utvikling
- Trygg i krevande beslutningar og aktuelle omstillingsprosessar
- Evne til å bygge trygge relasjonar med medarbeidarar og kollegaer, og med samarbeidspartnarar, leigetakarar og publikum
- Kommuniserer tillitsfullt, opent og ærleg
- Samarbeider til det beste for fellesskapet og for samfunnsoppdraget
Dette er personlege eigenskapar som vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Introduksjonsprogram for nye ledere i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Hilde Kristine Pedersen, Einingsleiar, +47 95704048
Arbeidsstad
Gullbringvegen 34 3800 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune Referansenr.: 5178011340 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.11.2026
API og MCPGET /company/972336475/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/972336475/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 1,
"hits": [
{
"uuid": "09eb0fd6-24a5-463e-8971-f843892ad82f",
"title": "Kulturhusleiar",
"municipal": "MIDT-TELEMARK",
"application_due": "2026-11-23 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "972336475" })Spør AI-assistenten
Ansetter Gullbring Kulturanlegg AS flere i Midt-Telemark nå?
Hvilke andre stillinger lyser Gullbring Kulturanlegg AS ut nå?
Hva er søknadsfristen for «Kulturhusleiar» hos Gullbring Kulturanlegg AS?
Lignende stillinger
Midt-Telemark Turn søker 2 trenere på deltid, én kveld i uken (onsdager), i Midt-Telemark.
Nordmarka Rideskole i Oslo søker én ridelærer på timebasis, deltid, som engasjement.
In Shape i Bergen søker 2 gruppetimeinstruktører på deltid, fast ansettelse, til treningssentrene sine.