Askvoll omsorgssenter i Askvoll søker tilkallingsvikar innan helse og omsorg, vikariat på deltid.
Helseheltar søkjast! Bli vår nye kollega ved Askvoll omsorgssenter
Askvoll Kommune Askvoll Omsorgssenter · Askvoll, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Askvoll omsorgssenter søker helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar til 5 faste stillingar, på heltid ifølge annonsen, med arbeid etter 35,5 timar i veka og på helg. Dei ledige stillingane er: 80 % og 20 % fast på natt ved Kårstova, 58 % og 20 % fast på natt ved Solstova/Rask, samt helgestillingar frå 10–20 % fast. Arbeidsstaden er Askvoll kommune i Vestland.
Arbeidsoppgåvene omfattar pleie ut frå «kva er viktig for deg?», dokumentasjon og rapportering, medikamenthandtering, tverrfagleg samarbeid og rettleiing av pasientar, pårørande, tilsette og studentar. Det blir kravd autorisasjon som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar med fagbrev, gode norskkunnskapar og førarkort klasse B. Politiattest må leggjast fram ved oppstart.
Arbeidsgivaren tilbyr mellom anna langvakter kvar femte helg i staden for ordinære vakter kvar tredje helg, pensjon gjennom KLP, flyttegodtgjersle og moglegheit for sletting av studielån på inntil 25.000 kroner årleg.
Om arbeidsgiveren
Askvoll omsorgssenter er ei undereining til næringsdrivande og offentleg forvaltning innan sykehjemstjenester, drive av Askvoll kommune. Med 145 tilsette er det ein stor arbeidsplass i ein kommune av Askvolls storleik. Senteret har tre grupper: Kårstova (skjerma avdeling for demens med 16 langtidsplassar, ein avlastningsplass og dagtilbod), Solstova/Rask (16 langtidsplassar) og Smia/Fløyen (10 plassar til korttidsopphald/rehabilitering og 6 langtidsplassar). Regnskapstal er ikkje oppgitt.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 8. november 2026. Oppgi i søknadsteksten kva stilling du søkjer på.
Annonsetekst
Vi søkjer etter engasjerte helsefagarbeidarar som vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer som deler kunnskap og samarbeidar godt med mål om og skape gode dagar for bebuarane våre. Vi kan attpåtil tilby langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. Dette i staden for ordinære vakter kvar tredje helg.
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, difor treng vi fagpersonar med god kompetanse som ser behova i heilskap.
Askvoll omsorgssenter består av: Kårstova – skjerma avdeling med 16 langtidsplassar og 1 avlastningsplass, samt dagtilbod for heimebuande personar med demens. Gruppa har stort fokus på miljøterapi og deltaking i bebuarane sin kvardag. Solstova/Rask – gruppe med 16 langtidsplassar. Gruppa har stort fokus på å gi best mogleg behandling, omsorg, tryggleik og pleie. Smia/Fløyen – gruppe med 10 plassar til korttidsopphald/rehabilitering og 6 langtidsplassar. Gruppa har stort fokus på rehabilitering og gi best mogleg behandling, omsorg, tryggleik og pleie. Tett tverrfagleg samarbeid med fysioterapeut og ergoterapeut.
Vi har følgjande ledige stillingar som helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar, med arbeid etter 35,5 t/veke og på helg:
- 80% fast stilling på natt ved Kårstova
- 20% fast stilling på natt ved Kårstova
- 58% fast stilling på natt ved Solstova/Rask
- 20% fast stilling på natt ved Solstova/Rask
- Helgestillingar frå 10-20% fast
Ver venleg å oppgje i søknadsteksten kva stilling du søkjer på.
Arbeidsoppgåver:
- Utøve pleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i «kva er viktig for deg?»
- Medverke til at pleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
- Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrer
- Medikamenthandtering
- Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
- Medverke til god informasjonsflyt
- Pliktar å halde seg oppdatert innan eige fagfelt og delta i relevante møte/opplæring
- Rettleie pasientar, pårørande og tilsette, samt studentar/elevar
- Medverke til eit godt arbeidsmiljø
- Etaten nyttar Acos Cosdoc som dokumentasjonsverkty
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar med fagbrev
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
- Like utfordringar og er løysingsorientert
- Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Vi tilbyr:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Mogelegheit for sletting av studielån på inntil 25.000 kroner årleg gjennom statleg ordning
- Arbeid etter 35,5 t/veke og på helg
- Mogeleghet for å jobbe langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. I stadenfor vanlege vakter kvar tredje helg
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Flyttegodtgjersle ved nytilsetjing i følgje personalhandbok for Askvoll kommune
Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Flere stillinger hos Askvoll Kommune Askvoll Omsorgssenter
Askvoll kommune Bu- og miljøtenesta søker tilkallingsvikar i deltid innen helse og omsorg ved Askvoll omsorgssenter.
API og MCPGET /company/974615495/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/974615495/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 2,
"hits": [
{
"uuid": "049aa1e3-22a2-4a85-9b5d-c24685c3f09b",
"title": "Har du tid til overs og kan tenkje deg å jobbe innan helse og omsorg? Søk som tilkallingsvikar hjå oss!",
"municipal": "ASKVOLL",
"application_due": "2026-12-31 00:00:00+00",
…
},
{
"uuid": "db0908a6-42e7-47f4-92c7-a9614d4f1947",
"title": "Har du tid til overs og kan tenkje deg å jobbe innan helse og omsorg? Søk som tilkallingsvikar hjå oss!",
"municipal": "ASKVOLL",
"application_due": "2026-12-31 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "974615495" })Spør AI-assistenten
Hvilke andre stillinger lyser Askvoll Omsorgssenter ut nå?
Hva er søknadsfristen for «Helseheltar søkjast! Bli vår nye kollega ved Askvoll omsorg…» hos Askvoll Omsorgssenter?
Ansetter Askvoll Omsorgssenter flere i Askvoll nå?
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker 1 sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, heltid, fra 30. november 2026 til 15. januar 2027.
Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.