Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Bu- og avlastingstenesta har ledige
Sunnfjord Kommune Bu- Og Avlastningstenesta · Sunnfjord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Bu- og avlastingstenesta i Sunnfjord kommune søker ein assistent i deltidsstilling (helgestilling), fast tilsetjing. Arbeidsstad er Førde sentrum, i eit nytt og tilrettelagt bygg. Tenesta gir tilbod til føresette med særskilt tyngande omsorgsoppgåver for barn og unge 0–18 år.
Arbeidsoppgåvene omfattar sosialt samvær, leik og aktivitetar, praktisk bistand, stell og pleie, oppfølging av rutinar og planar, samt å skape tryggleik og struktur for barna. Tilsette følger barna til aktivitetar som bading, klatring og utfluktar. Vaktordningane er fleksible — arbeid kvar 2. eller 3. helg, med moglegheit for fast ettermiddag/kveld kombinert med helg. Stillinga passar godt for elevar og studentar som ønsker relevant erfaring innan helse, omsorg og oppvekstfag.
Om arbeidsgivaren
Sunnfjord kommune Bu- og avlastningstenesta er ei undereining under offentleg forvalting, knytt til bransjen forebyggande helsearbeid. Eininga held til i Førde og har meir enn 40 barn innom til ulike tider. Dei tilsette representerer brei fagleg kompetanse — frå assistentar og helsefagarbeidarar til vernepleiarar og sjukepleiarar.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 26. juli 2026.
Om stillingen
Bu- og avlastingstenesta yter tenester til føresette med særskilt tyngande omsorgsoppgåver for barn 0-18 år. Vi som jobbar her er assistentar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar, lærarar, pedagogar, sosionomar, vernepleiarar og sjukepleiarar. Vi held til i eit nytt tilrettelagt og praktisk bygg i sentrum av Førde og har meir enn 40 barn innom til ulike tider. Nokon bur fast i eigne leilegheiter, men dei fleste bur heime. Alle skal ha ein trygg og god oppfølging av oss når dei er her. Dei treng hjelp, rettleiing og trygge tolmodige tilsette som er støttande og ivaretakande. Vi følger barna til aktivitetar som bading, i trampolineparken, klatrehallen, Hafstadparken, skibakken og elles finn vi på rolege aktivitetar inne eller ute på avlastinga.
Vi søker ansvarsfulle og engasjerte assistentar til helgestilling. Stillingane passar godt for elevar/studentar som ønsker relevant erfaring innan helse, omsorg og oppvekstfag.
Vi har ulike typar vaktordningar; arbeid kvar 2. eller 3. kvar helg, mogelegheit for ein fast ettermiddag/kveld i veka kombinert med helg, ulike stillingskombinasjonar etter avtale.
Arbeidsoppgåvene:
- sosialt samvær, leik og aktivitetar
- praktisk bistand, stell og pleie
- følge opp rutinar og planar.
- skape tryggleik, struktur og forutsigbarheit.
- bidra til meistring og gode opplevingar.
Vi søker deg som:
- er påliteleg, ryddig og ansvarsfull
- er engasjert og ynskjer gjere ein skilnad
- du er omsorgsfull og glad i å arbeide med barn
- respekt for den enkelte sine behov
- tolmodig og trygg i møte med barn
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.
WorkNorway Group AS søker intensivsykepleiere til kortvarige vikariater ved intensivavdeling og akuttmottak i Troms fra august 2026.
Emploi Medic AS søker 4 miljøterapeuter på heltid til forsterket bo- og omsorgstilbud i Finnmark, engasjement med medleverturnus.
Emploi Medic søker 5 miljøterapeuter på heltid til medleverturnus ved asylsøkertilbud i Finnmark.
Roskilde Orto-Teknik ApS i Danmark søker 4 tanntekniker på heltid, fast ansettelse ved moderne ortodontisk laboratorium.