Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Ambulansearbeidar / Paramedisiner

Ambulanseseksjon Sunndal-Nesset, Helse Møre Og Romsdal HF · Sunndal, Møre Og Romsdal

VikariatHeltidOffentligSikkerhet og beredskapFrist om 6 dager

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Møre og Romsdal HF søkjer ein ambulansearbeidar/paramedisinar til eit 100% vikariat ved Ambulanseseksjon Sunndal, med oppstart 02.09.2026 og varigheit fram til 02.09.2027. Arbeidsoppgåvene omfattar ambulanse- og redningsoppdrag, samhandling med akuttmedisinsk kjede via AMK, teamarbeid og vedlikehald av faglege delegeringar. Stillinga krev autorisasjon som ambulansearbeidar eller paramedisinar, utrykningskurs, førarkort klasse C1 og farmakologiutdanning, samt bestått fysisk test og politiattest. Arbeidsstad er Sunndalsøra.

Om arbeidsgiveren

Eininga er ein underavdeling til Helse Møre og Romsdal HF, og driv innanfor bransjen ambulansetransport (unntatt luftambulanse). Seksjonen har 59 tilsette totalt, medan ambulanseseksjonen sjølv består av to heildøgnsambulansar med 16 fulltidstilsette. Som del av eit offentleg helseføretak tilbyr arbeidsgivaren lønn etter gjeldande overeinskomstar og medlemskap i offentleg pensjonsordning.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 26.08.2026.

Om stillingen

Vi vil gjerne ha deg med på vårt lag!

Ambulanseseksjon Sunndal har ledig ei 100% vikar stilling for ambulansearbeidar/paramedisiner med oppstart frå 01.09.26

Klinikk for prehospitale tjenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserar den prehospitale aktiviteten i fylket. Bil -, båt - og luftambulanse, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser. Vi består i dag av 2 heildøgns ambulansar med 16 fulltidstilsette. Vi har fokus på fagleg utvikling og best mogleg pasientbehandling. Vi søkjer etter fagleg engasjert og ansvarsbevisst paramedisiner/ambulansearbeidar som har evna til å inspirere og motivere andre til å yte betre i kvardagen. Ved intern omrokkering kan stillingsprosent ved annan seksjon bli tilbudt. Det må også påreknast arbeid ved andre stasjonar.

Om du har pågangsmot, likar nye utfordringar og føler denne stillinga kan vere noko for deg, oppfordrar vi deg til å søkje!

Arbeidsoppgåver

  • Utføre ambulanse- og redningsoppdrag
  • Samhandle med interne og eksterne aktørar i den akuttmedisinske kjeden etter oppdrag frå AMK
  • Samarbeide i team og samarbeidsetatar
  • Delta på undervisning og sertifiseringar
  • Påta seg dei faglege delegeringane som krevst
  • Vedlikehald av faglege delegeringar som ligg til stillinga
  • Interne arbeidsoppgåver på bil og stasjon
  • Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som er gjeldande for Helseforetaket

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som ambulansearbeidar/ autorisasjon som paramedisinar
  • Søkjarar med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert
  • Ha gjennomført og bestått utrykningskurs og ha dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160)
  • Ha førarkort klasse C1
  • Farmakologiutdanning tilsvarande 5 stp. på høgskulenivå
  • Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
  • Ønskjeleg med gjennomført paramedic-utdanning, eller vere villig til å fullføre slik utdanning
  • Bestått AMLS/PHTLS etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
  • Politiattest krevst før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell §20a
  • Vere psykisk og fysisk eigna, bestå fysisk test før tilsetting. Fysisk test vil bli gjennomført årleg i samband med resertifisering

Personlege eigenskapar

  • Tydelig og respektfull kommunikasjon med pasientar og kollegaer
  • Evne til å prioritere riktig i nødsituasjonar
  • Motiverande, fleksibel og tilpasningsdyktig
  • Gode datakunnskapar og evne til samarbeid
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, og er ein konstruktiv bidragsytar i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Fagleg engasjert og ansvarsbevisst, har pågangsmot og likar utfordringar

Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det vektlagt utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din når du søkjer.

Kontaktinformasjon

Jonny Moen, Seksjonsleiar, Jonny.Moen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Mongstugata 7 6600 Sunndalsøra

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5166690672 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 02.09.2026 Sluttdato: 02.09.2027 Søknadsfrist: 26.08.2026

Søk på jobben
Søk senest 26.8.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Politibetjent Grensekontroll 1.linje
Øst politidistrikt · ULLENSAKER, AKERSHUS

Øst politidistrikt søker 2 politibetjenter til grensekontroll på Gardermoen, faste heltidsstillinger.

FastHeltid2 stillingerSikkerhet og beredskap
Frist 13.9.2026
Fagleder samband
Sør-Øst politidistrikt · TØNSBERG, VESTFOLD

Sør-Øst politidistrikt i Tønsberg søker fagleder samband til operasjonssentralen, fast heltidsstilling.

FastHeltidSikkerhet og beredskap
Frist 3.9.2026
Grensekontrollør 1.linje
Øst politidistrikt · ULLENSAKER, AKERSHUS

Øst politidistrikt søker 2 grensekontrollører i fast heltidsstilling ved Oslo lufthavn i Ullensaker.

FastHeltid2 stillingerSikkerhet og beredskap
Frist 13.9.2026