Hopp til innhold
Følg sokfirma.no på LinkedIn.Følg oss

Ringevikar barnehage

Klepp Kommune · Klepp, Rogaland

VikariatDeltid10 stillingerOffentligUtdanningFrist 31.12.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Klepp kommune søkjer 10 ringevikarar til sine kommunale barnehagar. Dette er ikkje ei ordinær fast stilling, men ein vikarpool for korte og lengre vikariat på deltid. Arbeidsstad er i Klepp kommune, Rogaland. Arbeidsmengda varierer frå veke til veke etter behov, og ein må rekne med å stille opp på kort varsel. Politiattest av nyare dato er påkravd før oppstart. Arbeidsoppgåvene omfattar deltaking i det daglege arbeidet på avdeling, omsorg, leik og aktivitetar for barna, støtte ved måltid, påkledning og kviletid, samt praktiske oppgåver etter behov.

Om arbeidsgivaren

Klepp kommune er ein offentleg arbeidsgjevar i Rogaland. Eininga Klepp kommune Fellestjenester er registrert med 92 tilsette og er underlagt kommunal forvaltning innanfor generell offentleg administrasjon. Som kommunal arbeidsgjevar tilbyr dei lønn etter tariff og ansiennitet.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 31. desember 2026. Merk at dette ikkje er ei ordinær utlysing — du vil få stadfesting på motteken søknad, men det vert ikkje sendt ut avslag.

Om stillingen

Vi søkjer ringevikarar til dei kommunale barnehagane i Klepp kommune, både for korte og lengre vikariat.

Vi leitar etter ein påliteleg, samarbeidsvillig og ansvarsbevisst person som ønskjer å vere ringevikar hos oss. Som vikar vil du vere ein viktig ressurs i kvardagen, og du må trivast med å møte nye barn og vaksne – ofte på kort varsel. Vi set stor pris på fleksibilitet, gode samarbeidsevner og ei profesjonell tilnærming til både små og store oppgåver.

Arbeidsmengda vil variere frå veke til veke, avhengig av behovet i barnehagen. Nokre veker kan du få mange vakter, medan andre veker kan vere rolegare.

Før oppstart må du leggje fram politiattest av nyare dato.

Dette er ikkje ei ordinær stillingsutlysing. Du vil få ei stadfesting på at vi har motteke søknaden din, men det blir ikkje sendt ut avslag.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i det daglege arbeidet på avdelinga
  • Bidra til omsorg, leik og aktivitetar for barna
  • Støtte barna i rutinar som måltid, påkledning og kviletid
  • Medverke til eit trygt og godt miljø
  • Utføre praktiske oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Evne til å skape tryggleik og gode relasjonar til både barn og vaksne
  • Gode samarbeidsevner og vilje til å bidra i eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Fleksibel og tilgjengeleg på kort varsel
  • Ansvarsbevisst, strukturert og påliteleg
  • God norsk munnleg framstillingsevne. Du bør ha bestått språktest B1.
  • Personleg eigna for arbeid i barnehage
  • Kan tilpasse seg ulike avdelingar, arbeidsoppgåver og behov
  • Evne til å handtere ein aktiv og variert kvardag
  • Ha fylt 18 år

Personlege eigenskapar

  • Har ein trygg og roleg framtoning i møte med barn
  • Evne til å skape gode relasjonar og bidra til eit positivt miljø
  • Løysingsorientert og i stand til å handtere uventa situasjonar
  • Fleksibel og tilpassingsdyktig i ein variert arbeidskvardag
  • Strukturert og ansvarsbevisst
  • Sjølvstendig, men også god til å samarbeide
  • Motivert for å bidra der behovet er størst
  • Stabil og påliteleg i oppmøte og arbeidsutføring
  • Stillinga krever politiattest ved ansettelse

Vi tilbyr

  • Lønn etter tariff og ansiennitet.

Kontaktinformasjon

Monika Schrøder, Personalkonsulent, +47 40201836

Arbeidsstad

Bedriftsvegen 4 4353 KLEPP STASJON

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5056044128 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 31.12.2026

Søk på jobben
Søk senest 31.12.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning
Musikkterapeut, vikariat
Klinikk PH barn, unge og rusavhengige Avd. unge voksne og flyktninger (AUVF), Engelsvoll, Helse Stavanger HF · KLEPP, ROGALAND

Helse Stavanger HF søker musikkterapeut i 100 % vikariat (sept. 2026–feb. 2027) ved Engelsvoll døgnavdeling i Klepp.

VikariatHeltidUtdanning
Frist 16.8.2026