Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Ulvik søkjer sjukepleiarar!
Ulvik Herad Helse- Og Velferd · Ulvik, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Ulvik Herad Helse- og velferd søkjer ein fast sjukepleiar i full stilling ved Ulvik Omsorgstun i Ulvik kommune, Vestland. Stillinga kombinerer arbeid på sjukeheim og i heimesjukepleie, med turnus på dag og kveld og beredskapsvakter på natt. Arbeidstida er kvar fjerde helg, noko som gir gode friperiodar. Oppgåvene inkluderer faglege vurderingar, tiltaksplanar, legemiddelhandtering, ansvarsvakt og rettleiing av kollegaer og studentar.
Krav til søkjar er autorisasjon som sjukepleiar og norskkunnskapar på minimum B2-nivå. Førarkort klasse B og erfaring frå kommunal helse- og omsorgsteneste er ønskeleg.
Arbeidsgjevaren tilbyr rekrutteringstillegg på kr 12 000, årsturnus med moglegheit for påverknad, moderne lokale, tilgang til tenestebil og full dekning av flytteutgifter ved relokalisering til Ulvik.
Om arbeidsgivaren
Ulvik Omsorgstun er ei underseining av Ulvik kommune og driv i bransjen for sjukeheimtenester. Eininga har om lag 40 årsverk og 50 tilsette, og tilbyr eit breitt spekter av helse- og omsorgstenester: sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, helsestasjon, fysioterapi, ergoterapi og psykisk helse. Omsorgstunbygget er frå 2020 og held til i Ulvik sentrum.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 12. august 2026.
Om stillingen
På Ulvik Omsorgstun arbeidar me kvar dag for å gi innbyggjarane våre trygge og gode helse- og omsorgstenester. No søkjer me ein sjukepleiar som vil vere med i eit lite fagmiljø med godt samarbeid og høg fagleg kvalitet.
Om stillinga Som sjukepleiar på Ulvik Omsorgstun har du varierte oppgåver på sjukeheim og i heimetjenesta. Du har for tida arbeid kvar fjerde helg med arbeidstid på dag og kveld og beredskapsvakter på natt. Noko som ofte gir gode friperioder i turnusen.
Oppgåver
- Fagleg ansvar for vurderingar, tiltak og planlegging
- Kliniske vurderingar, tiltaksplanar og legemiddelhandtering
- Ansvarsvakt og leiing av team
- Beredskapsvakt på natt
- Pleie, omsorg og oppfølging av pasientar i sjukeheim og heimesjukepleie
- Observasjon, dokumentasjon og samarbeid i tverrfagleg team
- Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø
- Samhandling med pasientar og pårørande
- Rettleiing av kollegaer og studentar
Kvalifikasjonar
Må-krav
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2)
- Må kunne leggje fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova §5-4.
Ynskja kvalifikasjoner
- Førarkort klasse B
- Erfaring frå kommunal helse og omsorgstjeneste
Personleg eignaheit vert vektlagt
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som
- Arbeider sjølvstendig og godt i samarbeid med andre
- Tek faglege vurderingar i møte med pasientar
- Bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Me tilbyr
- Rekrutteringstillegg kr 12000
- Årsturnus med moglegheit for påverknad
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Arbeidsplass i moderne lokale og tilgang til gode tjenestebilar
- Ein jobb i verdas vakraste bygd
- Dyktige kollegaer med høg fagleg standard
- Hos oss får du jobbe i eit lite fagmiljø der ein samarbeider tett, deler kompetanse og utviklar seg fagleg gjennom fagundervisning i turnus og fagdager.
- Flyttegodtgjersle ved flytting til Ulvik herad etter gjeldande retningslinjer (med 100% dekking av flytteutgifter)
Kvifor jobbe hos oss?
Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 40 årsverk. Tenestene omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi og ergoterapi, psykisk helse og rus og dagtilbod.
Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.
Om Ulvik
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden finn du Perla i Hardanger - Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, frukt- og sidertradisjonar og eit rikt kulturliv.
Meir informasjon finn du på Ulvik kommune og Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com)
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.
Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.
WorkNorway Group AS søker intensivsykepleiere til kortvarige vikariater ved intensivavdeling og akuttmottak i Troms fra august 2026.
Emploi Medic AS søker 4 miljøterapeuter på heltid til forsterket bo- og omsorgstilbud i Finnmark, engasjement med medleverturnus.
Emploi Medic søker 5 miljøterapeuter på heltid til medleverturnus ved asylsøkertilbud i Finnmark.