Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Barne- og ungdomsarbeidar/ assistent
Sveio Kommune · Sveio, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Sveio barnehage søkjer 2 medarbeidarar: éin barne- og ungdomsarbeidar/assistent i 100% fast stilling og éin i 60% vikariat (frå 15.08.2026 til 14.08.2027). Arbeidsstad er Sveio, Vestland. Begge stillingane har oppstart 15.08.2026. Arbeidsoppgåvene omfattar å delta i den pedagogiske kvardagen, planlegge, gjennomføre og dokumentere pedagogisk arbeid, og bidra til tryggleik og trivsel for barn i alderen 1–6 år.
Om arbeidsgiveren
Sveio barnehage er ein kommunal barnehage (underenhet av Sveio kommune) med 23 tilsette, i bransjen førskoleundervisning og drift av barnehager. Barnehagen har tre avdelingar med for tida 54 barn og eit tydeleg fagleg fokus på natur, berekraft og språkutvikling.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 24. juni 2026.
Om stillingen
Om stillinga
Me søkjer etter barne- og ungdomsarbeidar/ assistent i 100% fast stilling med oppstart 15.08.2026 og barne- og ungdomsarbeidar/ assistent i 60% vikariat frå 15.08.2026 til 14.08.2027.
Sveio barnehage er ein kommunal barnehage som ligg nært sentrum av Sveio kommune. Det er kort veg til skog og vatn, bibliotek, skule, symjehall og idrettsanlegg. Me har tre avdelingar med for tida 54 barn i alderen 1-6 år.
Me har fokus på natur, bærekraft og kosthald. Barna får frukost, lunsj og ettermiddagsmat i barnehagen.
Til dagleg bruker me natur i området aktivt, blant anna Salamanderparken, Gapahuken og eiget uteområde som har ei flott, stor naturtomt med moglegheit for masse aktiv lek. Eit viktig satsingsområde for heile kommunen er barnas språkutvikling. I veske- bokprosjektet med biblioteket oppfordrar me til å lese meir bøker heime og låner ut bøker til barna. Samtidig leser me mykje samen med barna i barnehagen der fantasien får flyte fritt.
Personalet vårt er aktivt, engasjert og brenner for arbeidet sitt. Dei tilsette har høy kompetanse og lang erfaring.
Visjonen vår er: Robuste barn meistrar livet.
Arbeidsoppgåver
Du vil være ein del av eit fellesskap med barn og tilsette der du deltar i kvardagen for å gi barna gode dager, tryggheit og trivsel. Du vil bidra til utvikling av robuste barn for framtida. Du vil bidra med, og setje i verk det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn. Du er med å planlegger, gjennomfører og dokumenterer og vurdere det pedagogiske arbeidet.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Søkjerar med annan relevant utdanning eller relevant erfaring vil også bli vurdert
- Gyldig politiatest må framvisast
Personlege eigenskapar
- Du er motivert, kreativ, og kan undre deg saman med barna
- Du har god relasjonskompetanse
- Du har god omsorgsevne
- Du har gode samarbeidsevner
- Du ynskjer å være med å vidareutvikle barnehagen og liker å være med i endringsprosessar
- Du kan arbeide sjølvstendig
- Du er løysingsorientert og viser fleksibilitet i arbeidet
- Du er ein tydeleg rollemodell for barn
- Personlege eigenskapar vil tilleggast stor vekt
Vi tilbyr
- Spennande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
- Eit godt fagmiljø som du får vere med å påverke og utvikle
- Kompetente og dyktige kollegaer i eit utviklande barnehagemiljø
- Eit arbeidsmiljø kor ein fram-snakkar kvarandre og har positive forventningar til kvarandre i ein spennande og motiverande kvardag
- Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Lignende stillinger
Hvam videregående skole i Nes søker lærer i idrettsfag i et heltidsvikariat for skoleåret 2026/27.
Adecco søker lærer (vikariat, heltid) til oppvekstsenter på øy ved Helgelandskysten i Nordland.
Sørnorsk Jazzsenter søker produsent i 10% engasjement for å planlegge ungdomsstorbandets 30-årsjubileum i 2027.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.
Omsorgsgruppen AS søker 5 beredskapshjem på heltid i Akershus for barn og unge i akutte omsorgssituasjoner.