Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Ringevikarar

Vindafjord Kommune Ølen Skule · Vindafjord, Rogaland

AnnetDeltidOffentligUtdanningFrist 31.10.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Ølen skule søker ringevikarar til skule og SFO, med snarleg tiltreding. Stillinga er ei deltidsstilling (annan ansettelsesform) i VINDAFJORD, Rogaland. Arbeidsoppgåvene omfattar undervisning i klassar, oppfølging av grupper og enkeltelevar, samt arbeid ved SFO-avdelinga. Det blir kravd politiattest ved tilsetjing, og utdanning innan undervisning, barn eller unge er ønskeleg. Søkjarar må beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg, då skriftspråket i kommunen er nynorsk.

Om arbeidsgiveren

Ølen skule er ein underenhet til næringsdrivande og offentleg forvaltning innan ordinær grunnskoleundervisning, med 67 tilsette. Skulen er ein 1.–10. skule med 280 elevar, sentralt plassert i Ølen, og skildrar seg sjølv som ein arbeidsplass med aktivt og engasjert personale og fokus på fagleg kompetanse og utvikling.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 31.10.2026, og søknadar blir vurdert fortløpande.

Om stillingen

Me søker:

Ringevikarar til Ølen skule og SFO. Tiltreding snarast. Søknadar blir vurdert fortløpande.

Hovudarbeidsoppgåver:

Me på Ølen skule har behov for deg som kan og har lyst å vera ringevikar på kort varsel. Kanskje er du ein ungdom som har eit friår og ynskjer å arbeida med barn? Eller er du heimeverande av andre årsaker og kunne tenke deg å jobbe med barn og unge i eit trivelig og godt miljø? Det vil vera arbeid knytt til undervisning i klassar, oppfølging av grupper og enkeltelevar og arbeid ved SFO-avdelinga.

Kvalifikasjonar:

  • Det blir krevd politiattest ved alle tilsetjingar.
  • Utdanning innan undervising, barn eller unge er ønskeleg.
  • Du må ha lyst og interesse for å arbeide med barn.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
  • Me søkjer ein positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
  • Må lika å vere i samtale med barn og kunna møta barn i ulike situasjonar som oppstår.
  • Kunna bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kollegaer.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Om Ølen skule:

  • Ølen skule er 1- 10 skule med 280 elevar
  • Ligg sentralt til i Ølen
  • Me har eit aktivt og engasjert personale
  • Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 31.10.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Lærer i realfag
Akershus fylkeskommune, Nes videregående skole · AKERSHUS

Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer i realfag, 25 % deltidsstilling fra september 2026.

VikariatDeltidUtdanning
Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning