Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Familiehjelpa

Øygarden Kommune Familiehjelpa · Øygarden, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Øygarden Kommune Familiehjelpa.

AI-sammendrag

Om stillingen

Øygarden kommune søker ein kommunepsykolog til Familiehjelpa, eit lågterskeltilbod for barn, unge og familiar med psykiske eller relasjonelle utfordringar. Stillinga er fast og på heiltid (100%), med 1 ledig stilling, arbeidsstad i Øygarden. Oppgåvene omfattar samtalar og behandling av barn og unge med lette til moderate psykiske vanskar, rettleiing og oppfølging av føresette og familiar, gruppetilbod, konsultasjonstid på helsestasjon, tverrfagleg samarbeid med skule, barnehage og helsestasjon, samt rettleiing av tilsette. Krav er norsk psykologautorisasjon, og det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge, tverrfagleg samarbeid og kommunehelsetenesta.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er i Familiehjelpa, ei eining i Øygarden kommune som arbeider førebyggjande og behandlande innan psykisk helse for barn og unge, i tett samarbeid med helsestasjon, barnehage og skule. Som kommunal arbeidsgjevar tilbyr Øygarden kommune eit tverrfagleg fagmiljø med fire psykologar samla, gode pensjons- og forsikringsordningar og høve til fagleg og personleg utvikling.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 13.09.2026.

Annonsetekst

Om avdelinga:

Familiehjelpa er eit lågterskeltilbod for barn, unge og familiar som opplever psykiske eller relasjonelle utfordringar. Tenesta arbeider førebyggjande og behandlande, og legg vekt på tidleg innsats og tilgjengeleg hjelp.

Familiehjelpa samarbeider tett med helsestasjon, barnehage, skule og andre kommunale tenester for å gi heilskapleg oppfølging til barn, unge og føresette. Hos oss vil du bli del av eit tverrfagleg fagmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer som arbeider saman for å styrke psykisk helse hos barn og unge i kommunen.

Som kommunepsykolog i Familiehjelpa vert du ein del av eit psykologfellesskap med til saman fire psykologar. Psykologane arbeider tett saman med resten av eininga i det førebyggjande arbeidet retta mot barn og unge i Øygarden.

Arbeidsoppgåver:

  • Samtalar og behandling av barn og unge med lette til moderate psykiske vanskar
  • Rettleiing og oppfølging av føresette og familiar
  • Planlegging og gjennomføring av gruppetilbod for barn, unge eller føresette
  • Konsultasjonstid på helsestasjon
  • Tverrfagleg samarbeid med skule, barnehage, helsestasjon og andre relevante tenester.
  • Rettleiing av tilsette frå eigen og andre kommunale tenester

Kvalifikasjonar:

Må ha:

Norsk psykologautorisasjon

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid med barn og unge og frå tverrfagleg samarbeid
  • Erfaring frå arbeid i kommunehelsetenesta
  • Erfaring med grupper
  • Erfaring med rettleiing av andre faggrupper
  • Psykologspesialist

Eigenskapar:

Gode samarbeidsevner og interesse for tverrfagleg arbeid Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert Engasjement for førebyggjande arbeid og tidleg innsats Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Anna:

Stillinga er 100% fast

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontaktperson:

Einingsleiar Annette Henden mobil 977 06 783

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her

Flere stillinger hos Øygarden Kommune Familiehjelpa

API og MCPGET /company/974586207/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/974586207/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 3,
  "hits": [
    {
      "uuid": "1f624dd2-0f8e-4bd8-801f-7b522e80134a",
      "title": "Samfunnsutvikling",
      "municipal": "ØYGARDEN",
      "application_due": "2026-12-13 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "6cf6820b-9fcc-4eb1-af50-fd2ebe67a846",
      "title": "Samfunnsutvikling",
      "municipal": "ØYGARDEN",
      "application_due": "2026-12-12 00:00:00+00",
      …
    },
    …
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "974586207" })

Spør AI-assistenten

  • Hvilke typer roller ansetter Øygarden Kommune Rådmannen i akkurat nå?
  • Hvilke andre stillinger lyser Øygarden Kommune Rådmannen ut nå?
  • Hva er søknadsfristen for «Familiehjelpa» hos Øygarden Kommune Rådmannen?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Sykepleier søkes til oppdrag på Vestlandet
Emploi Helse AS · VESTLAND

Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.

VikariatHeltidHelse og sosial
Anaesthetic Nurse Wanted – Anaesthesia Unit 1
Aalborg Universitetshospital Syd

Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.

FastHeltidHelse og sosial
Frist 31.12.2026