Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Fastlegar

Helse Og Omsorg -legetenesta · Kvam, Vestland

FastHeltid3 stillingerOffentligHelse og sosialFrist 6.9.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Kvam herad søkjer 3 fastlegar i fast stilling på heiltid til legetenesta i kommunen. To stillingar er ledige ved Helsebanken legekontor i Øystese frå snarast, medan det er eit 6 månaders vikariat ved Norheimsund legekontor frå mars 2027. Arbeidsstad er Kvam kommune (Øystese og Norheimsund), Vestland. Hovudoppgåver er kurativt legearbeid i fastlegeordninga, med lister på høvesvis 750 og 900 pasientar i Helsebanken og 600 pasientar i vikariatet, samt deltaking i kommunal legevakt. Legane kan velje mellom næringsdrift eller fastlønnsavtale med insentivordning. Norsk autorisasjon som lege er påkravd, og spesialistgodkjenning i allmennmedisin er ønskjeleg.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til helse- og omsorgstenesta i Kvam herad, ein kommune med om lag 8500 innbyggjarar langs Hardangerfjorden. Legetenesta omfattar eit kollegium på 11 fastlegar fordelt på legekontora i Øystese og Norheimsund, i tillegg til utekontor i Strandebarm. Kommunen har ei velfungerande helse- og omsorgsteneste med institusjonar for heildøgns omsorg, eiga KAD-seng, kommunepsykologar, rus- og psykiatriteneste og barnevernteneste.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 6. september 2026.

Om stillingen

Vil du bli ein del av vårt fagmiljø?

Kvam herad søkjer etter to fastlegar ved Helsebanken legekontor i Øystese frå snarast. Me har også ledig eit 6 månaders vikariat ved Norheimsund legekontor frå mars 2027 i samband med at ein av legane skal gjennomføra sjukehusteneste.

Som fastlege i Kvam blir du ein del av eit kollegium på 11 fastlegar. Du får høve til å følgja pasientane dine over tid, du møter folk i alle aldrar, frå alle samfunnslag og i alle fasar av livet. Fastlegen er viktigare enn nokon gong i den kommunale helse og omsorgstenesta, og for samhandlinga med alle deler av helsetenesta.

Helsebanken legekontor ANS ligg i Øystese og er ein veldriven 6-legepraksis i moderne lokale i Hardangerbadet. Alle legane ved kontoret er spesialistar i allmennmedisin, og du vert ein del av eit sterkt fagleg og sosialt fellesskap.

Norheimsund legekontor ligg sentralt i Norheimsund og er eit kommunalt legekontor med 5 legestillingar - både avtalar om næringsdrift og fastlønn med insentivordning.

Arbeidsoppgåver

Kurativt legearbeid i fastlegeordninga

Dei to listene i Helsebanken har pr idag hhv. 750 og 900 pasientar. Vikariatet ved Norheimsund legekontor gjeld ei liste med 600 pasientar.

Deltaking i legevakt Fastlegane i Kvam deltek i kommunal legevaktsordning. Arbeid på legevakt er fastlønna. Kvam legevakt disponerer to velutstyrte legevaktsbilar for legane, også på dagtid. Fastlegekontora har daglegevaktfunksjon mellom kl 08.00 og 15.30. Arbeid på legevakt kjem i tillegg til fastlegearbeidet. Legevakt er heimevakt med faste tidspunkt der legen skal vera til stades på legevaktstasjonen i Norheimsund. Det er inngått lokal særavtale.

Andre aktuelle oppgåver:

  • Rettleiing av legar i utdanningsstillingar og/eller studentar
  • Kommunen har behov for fastlegar til lovpålagde kommunale allmennlegeoppgåver og ynskjer å sørga for ei jamn fordeling av slike oppgåver mellom alle fastlegane. Me ynskjer å inngå avtalar om dette, men viser også til fastlegeforskrifta § 12 om at fastlege i fulltidspraksis kan verta pålagt å delta inntil 7,5 timer per veke i andre allmennlegeoppgåver i kommunen.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege (opplys om HPR-nummer )
  • Godkjent turnusteneste
  • Spesialistgodkjenning i allmennmedisin er ynskjeleg
  • Gode fagkunnskapar og ferdigheiter
  • Legen må kunne ta del i interkommunal og kommunal legevakt
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B, gjerne kode160
  • Politiattest er krav ved tilsetting, men skal ikkje sendast ved søknaden

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som:

  • Er triveleg og omgjengeleg, og ein god samarbeidspartner i kollegiet
  • Har engasjement for allmennmedisin, og ønskjer å bidra til å utvikle fastlegeordninga i Kvam
  • Trivst med akuttmedisin og legevakt
  • Har god kunnskap om faglege retningslinjer, og utfører arbeidet i tråd med desse
  • Møter pasientar på ein respektfull måte, og kommuniserer godt med pasientar

Om driftsformer

Ønskjer du fastlønn eller næringsdrift?

Kommunen er open for ulike driftsformer i det kommunale legekontoret:

  • Næringsdrift
  • Fastlønnsavtale med insentivordning (20% av refusjonsinntekter og eigenandelar)
  • Legar som ønskjer fastlønn under spesialiseringsløpet kan, om dei ønskjer, inngå avtale om næringsdrift ved fullført spesialisering.

Kommunen er godkjend som utdanningsverksemd, og vil organisera spesialiseringsløp i allmennmedisin (ALIS) for søkjarar som ikkje allereie er spesialist.

Som næringsdrivande lyt ein kjøpe andel av inventar/utstyr/maskinpark. Helsebanken ynskjer primært legar i næringsdrift, men det kan også opnast for vikariat med fastløn. Det er ikkje krav til å betaling for "goodwill"/verdi av opparbeida praksis ved overdraging av liste i næringsdrift.

Legekontora nyttar journalsystemet Webmed. Kontoret er tilknytt Norsk Helsenett, og nyttar e-resept og elektronisk kommunikasjon med andre kommunale helse og omsorgstenester og spesialisthelsetenesta. Bruk av e-konsultasjon, e-kontakt og timebestilling via digital dialog med fastlege på helsenorge.no. me har godt utstyrt laboratorium, EKG, spirometri og 24 timars-blodtrykksmåling. Ultralydapparat tilgjengeleg. Kontora har interne fagmøter/smågruppemøter kvar veke. Ta gjerne kontakt med våre kontaktpersonar Ingunn, Ramona eller Ragnar som kan fortelja meir om korleis det er å jobba som fastlege i Kvam!

Om kommunen vår

Kvam herad har om lag 8500 innbyggjarar. Kommunen strekkjer seg langs vestsida av Hardangerfjorden. Det er godt kollektivtilbod til Bergen. Reisetid til Bergen sentrum er 1 time og 15 minutt. Her kan du lesa meir om korleis det er å flytta til Kvam: https://www.kvam.no/velkomen-til-kvam/dragning-til-kvam/

Kommunen har ei velfungerande helse- og omsorgsteneste, med institusjonar innan heildøgns omsorg og pleie fleire stader i kommunen. Kommunen har legekontor i Øystese og Norheimsund, og utekontor i Strandebarm. Ved Kvam behandlings- og rehabiliteringsavdeling har kommunen eiga KAD-seng, og tek i mot pasientar frå sjukehus for rehabilitering og ferdigbehandling. Kommunen satsar på heimetenestene, og i tråd med "Bu trygt heime"-reforma vil kommunen leggje til rette for at eldre skal bu heime lengst mogeleg. Fastlegen er viktig i dette arbeidet. Kvam herad har tilsett kommunepsykolog for vaksne og kommunepsykolog for barn og unge. Me har dyktige tilsette i rus- og psykiatriteneste. Kommunen har eiga barnevernteneste, PP-teneste, og familiesenter for rådgjeving av familiar. Kommunen har saman med fleire kommunar eit samarbeid om tilsette ernæringsfysiologar. Det er fleire fysioterapiinstitutt i kommunen.

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Ingunn Kråkevik, Konstituert leiar for legetenesta og tenester til heimebuande, +47 459 77 148 Ragnar Hansen, tillitsvald DNLF, 990 03 131 Ramona Gjøsæter Myklebust, Tillitsvalt Dnlf, 41631558

Arbeidsstad

Sandvenvegen 35 5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5156526193 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikar Startdato: 01.03.2027 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 06.09.2026

Søk på jobben
Søk senest 6.9.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Audiograf til oppdrag i Finnmark
Konstali Helsenor As · FINNMARK

Konstali Helsenor søker 2 audiografer på heltid til vikariat i Finnmark.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsefagarbeider til oppdrag i Vestland
Konstali Helsenor As · VESTLAND

Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat på heltid for oppdrag i Vestland.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsefagarbeider til oppdrag i Troms
Konstali Helsenor As · TROMS

Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat på heltid i Troms.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsefagarbeider til oppdrag i Agder
Konstali Helsenor As · AGDER

Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til heltids vikariat i Agder.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Helsefagarbeider 90% stilling
Helse- og sosialetaten, Lurøy kommune

Lurøy kommune søker helsefagarbeider i 90% fast stilling ved Lovund omsorgssenter.

FastDeltidHelse og sosial
Frist 10.9.2026