Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Medarbeidarar produksjon

Saferoad Vik Ørsta · Vik, Vestland

FastHeltid2 stillingerPrivatIndustri og produksjonFrist om 6 dager

AI-sammendrag

Om stillingen

Saferoad Vik Ørsta søker 2 medarbeidarar til si mekaniske fabrikk i Vik: éin sveisar og éin operatør ved den mekaniske avdelinga. Hovudoppgåver er manuell og robotstyrt sveising, samt manuelt og automatisert mekanisk arbeid. Stillingane er faste og på heltid. Det er ikkje krav om relevant erfaring, då bedrifta gir opplæring og moglegheit til å ta fagbrev undervegs.

Om arbeidsgiveren

Saferoad Vik Ørsta er ei underavdeling med produksjon av metallkonstruksjonar og deler, nærare bestemt vegrekkverk. Verksemda held til i Vik og har 50 tilsette. Selskapet er ein del av den snart 80 år gamle industriverksemda på Vestlandet.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 20. august 2026.

Om stillingen

Vil du vere med på å sikre tryggare vegar?

Saferoad Vik Ørsta ser etter to motiverte medarbeidar til vår mekaniske fabrikk, som vil vere med på det viktige arbeidet med å sikre tryggare vegar i Norge.

Eit rekkverk er ikkje berre eit rekkverk, men skal bidra til å redde liv i trafikken. Vi treng di hjelp til å nå visjonen om null drepte og hardt skadde i trafikken!

Vi har no behov for 1 sveisar og 1 operatør ved vår mekaniske avdeling.

Hovudoppgåver vil vere:

  • manuell sveis og robotsveis
  • manuelt og automatisert mekanisk arbeid

Vi ser etter deg som:

  • har interesse for mekanisk arbeid og sveis
  • har sans for orden og system
  • kan bidra til godt samarbeid i avdelinga og vere fleksibel for å jobbe i andre avdelingar
  • har gode haldningar og lyst til å lære

Du må gjerne ha relevant erfaring frå sveising eller liknande, men dette er ikkje eit krav. Vi gir nødvendig opplæring og kursing og du vil få muligheit til å ta fagbrev.

Slik søkjer du:

Send søknad, CV og vedlegg via lenka på denne sida. Har du spørsmål om opplasting av dokument? Kontakt Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20.

Spørsmål om desse spennande stillingane? Kontakt oss:

Arbeidsleiar Ingar Ness, tlf. 415 27 016 eller produksjonssjef Gro Mykkeltvedt, tlf. 483 39 125

Flytte til Vik?

Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Vik staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Vik ligg flott plassert ved Sognefjorden, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren.

I tillegg er regionen kjend for sitt sterke organisasjonsliv med dugnadsarbeid og entusiasme. Eit variert næringsliv både innanfor industri, offentleg, kraft og teknologi gjer moglegheitene mange.

Vik og Sogn er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din?

Stolte av produkta våre spør du?

- Eg er litt stolt av at vi lagar dette her. Og det trur eg borna mine også er.

Gode Kjell! Og Katrin. Og Egil Johan. Og Leifen. Og alle andre fine folk i Vik Ørsta!

Snart 80 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet. Klart det er lov å vere stolt. Vi går for 80 år til. Minst!

Video: Nanseth Media

Video: https://youtu.be/TbWMxh1wli4?si=sjCZSNQhfxZTVaea

Søk på jobben
Søk senest 20.8.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Test & Measurement Engineer
CERN

CERN søker en Test & Measurement Engineer i fast, heltids stilling til testing av superledende magneter i Sveits.

FastHeltidIndustri og produksjon
Frist 31.8.2026
Er du vår neste driftsleder på sjø?
SalMar Farming AS · FINNMARK

SalMar Farming søker driftsleder til lakseoppdrett i Vest-Finnmark, fast heltidsstilling.

FastHeltidIndustri og produksjon
Frist 26.8.2026
Skipsmotormekaniker - Vikariat
Møre Oppdrettsservice As · NORDLAND

Møre Oppdrettsservice i Nordland søker 2 skipsmotormekanikere i vikariat på heltid innen akvakultur/marin sektor.

VikariatHeltid2 stillingerIndustri og produksjon
Mekaniker / Anleggsreparatør hos Krog Maskin AS
Krog Maskin As · GJØVIK, INNLANDET

Krog Maskin AS i Gjøvik søker mekaniker/anleggsreparatør til anleggsmaskiner og fjellboringsutstyr, fast heltidsstilling.

FastHeltidIndustri og produksjon