Jordmor 100% fast stilling i Vågå kommune
Vågå Kommune Helsesenter Legetjeneste · Vågå, Innlandet
AI-sammendrag
Om stillingen
Vågå kommune søker jordmor til ei 100 % fast stilling, delt mellom 52 % interkommunal jordmorvakt (følgjeteneste og beredskap for gravide og fødande) og 48 % kommunal svangerskapsomsorg. Arbeidsoppgåvene omfattar oppfølging av gravide og nyfødte, ammekyndig barselarbeid, foreldreførebuande kurs, heimebesøk og tverrfagleg samarbeid med fastlegar, helsestasjon og spesialisthelsetenesta. Stillinga er knytt til Helsestasjon og skulehelsetenesta, med kontorstad på Vågå helsesenter i Vågå kommune. Oppstart er sett til 01.01.2027.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgjevar er Vågå Kommune Helsesenter Legetjeneste, ei underenhet innan allmennlegetjenester i offentleg forvaltning, med 19 ansatte. Som del av det kommunale helsetilbudet i Vågå gir stillinga ein stabil arbeidsplass i offentleg sektor, med lønns- og arbeidsvilkår etter tariffavtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 02.10.2026.
Annonsetekst
Ledig frå 01.01.27
52 % interkommunal jordmorvakt og 48 % kommunal svangerskapsomsorg
Vil du vere med og utvikle eit godt og framtidsretta jordmortenestetilbod i regionen? Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig jordmor til ei spennande kombinert stilling med arbeid både innan kommunal svangerskapsomsorg og interkommunal jordmorvakt.
Om stillinga
Stillinga er delt mellom:
- 52 % interkommunal jordmorvakt, der du inngår i vaktordning for følgjeteneste og beredskap for gravide og fødande.
- 48 % kommunal svangerskapsomsorg, med oppfølging av gravide, førebyggjande arbeid og tverrfagleg samarbeid.
Stillinga er ein del av Helsestasjon og skulehelsetenesta med kontor i 2. etasje på Vågå helsesenter.
Du vil få ein variert arbeidskvardag med høve til å følgje kvinner og familiar gjennom svangerskap, fødsel og barseltid.
Arbeidsoppgåver
- Svangerskapsomsorg i tråd med nasjonale retningsliner
- Individuelle konsultasjonar og oppfølging av gravide og nyfødte
- Ammekyndig oppfølging og barselarbeid
- Foreldre- førebuande kurs
- Heimebesøk og oppfølging etter fødsel
- Dokumentasjon i fagsystem Infodoc
- Deltaking i tverrfagleg samarbeid med fastlegar, helsestasjon, spesialisthelseteneste og andre relevante samarbeidspartnarar
- Deltaking i interkommunal jordmorvakt og følgjeteneste
- Bidra til fagutvikling og kvalitetsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som jordmor
- Erfaring frå svangerskaps- og barselomsorg er ynskjeleg, men nyutdanna oppfordrast også til å søkje
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Relevant klinisk erfaring er ønskjeleg
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Førarkort klasse B
- Erfaring frå svangerskapsomsorg og følgjeteneste er ein fordel
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Er fagleg trygg og sjølvstendig
- Har gode samarbeidsevner
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Har god evne til kommunikasjon og relasjonsbygging
- Bidreg til eit arbeidsmiljø med arbeidsglede, engasjement og inkludering
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull og utfordrande stilling
- Varierte arbeidsoppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar. Det blir stilt krav om politiattest før tiltreding.
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker 1 sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, heltid, fra 30. november 2026 til 15. januar 2027.
Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.