Innkjøp av hjulgravemaskin
Beskrivelse fra kunngjøringen
Innkjøp av hjulgravemaskin – SIMAS IKS
SIMAS IKS skal inngå kontrakt for levering av éin komplett hjulgravemaskin for drift ved SIMAS sitt anlegg i Festingdalen, Kaupanger. Maskina skal vere klargjort for bruk ved levering, inkludert naudsynt dokumentasjon på norsk, opplæring av operatørar, funksjonsprøvar og aksepttest.
Anskaffinga omfattar ei hjulgravemaskin i vektklasse ca. 18–20 tonn, med funksjonar, spesifikasjonar og utstyr som angitt i Bilag 1 – Kravspesifikasjon (Excel). Dette inkluderer mellom anna motor Steg V, hydraulikk- og styringskrav, sikkerheitssystem, førekomfort, lysutrustning, driftseigenskapar, HMS-krav og opsjonar. Alle tekniske og funksjonelle krav i Bilag 1 er bindande minstekrav.
Leverandøren skal tilby komplett maskin klar til drift, inkludert opplæring på SIMAS-basisen, årskontroll og service i garantitida, og garantert responstid for feilhåndtering og service, jf. krav i Bilag 1. Leveransen skal gjennomførast DDP (Incoterms 2010) SIMAS Kaupanger.
Konkurransen vert gjennomført som open anbodskonkurranse utan forhandling etter lov om offentlege anskaffingar (LOA) og forskrift om offentlege anskaffingar (FOA) del III (over EØS-terskel). All kommunikasjon og innlevering skal skje via KGV (Artifik).
Kvalifikasjonskrav skal dokumenterast ved ESPD i KGV, og omfattar lovleg etablering, økonomisk og finansiell kapasitet, samt teknisk og fagleg kapasitet, inkludert relevante referansar og dokumentert verkstadnett i Vestland.
Tildeling skjer på grunnlag av det økonomisk mest fordelaktige tilbodet basert på følgjande kriterium: Pris (50 %), Miljø (20 %), Kvalitet og yting (20 %) og Service og oppetid (10 %).
Kontrakten vil nytte DFØ standard kontraktsvilkår for kjøp av varer med eller uten montasje/installering, med tilhøyrande bilag. Bilag 5 – Etiske krav (DFØ) gjeld for leverandørkjeda og krav etter åpenheitslova.
For denne anskaffinga er det ikkje rammeavtale. Leveringstid: Maskina skal leverast seinast 5 månader etter kontraktssignering.
SIMAS oppmodar alle interesserte leverandørar om å stille spørsmål via KGV innan oppgitt frist.
Tildelingskriterier
Slik vektes tilbudene i konkurransen (vekt i prosent).
- Pris50 %
- Miljø · Kvalitet20 %
- Kvalitet og yting · Kvalitet20 %
- Service og oppetid · Kvalitet10 %
- Miljø vert vektlagt med 20 % i denne konkurransen. Anskaffelsen gjeld kjøp av hjulgravemaskin, der krava til miljøprestasjon primært er regulert som minstekrav i Bilag 1 (Steg V, utslepp, energibruk og HMS). FOA del III stiller ikkje krav om minimum 30 % miljøvekting for vareanskaffingar av denne typen, og totalvektinga er vurdert som forholdsmessig og sakleg ut frå leveransen si art. · Kvalitet0 %
Kontraktsdetaljer
- VinnerZeppelin Equipment2,94 mill kr · kontrakt 18.3.2026
Parter
Kjøper
- Simas Iks974888076
Vinner
- Zeppelin Equipment947628380
Rådgivere og øvrige parter
- Sogn og Fjordane tingrett926723278
- Artifik AS925364967
Anskaffelseslivsløp
Andre kunngjøringer i samme anskaffelse.
- 14.1.2026ANNOUNCEMENT_OF_COMPETITION → 2026-100805 (ikke i basen)
- 13.4.2026ANNOUNCEMENT_OF_CONCLUSION_OF_CONTRACT (denne)